Agatunet tilhøyrar Hardanger og Voss Museum og er eit freda klyngetun på Aga i Ullensvang ved Sørfjorden. Den eldste bygningen i tunet er Lagmannsstova frå 1220. Ved Agatunet kan du vera med på guida omvising og sjå kunst- og kulturhistoriske utstillingar.

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside
Some
Tripadvisor

Om

Agatunet er eit av få bevarte norske klyngetun og den største freda bondelandsbyen i Noreg. Her ligg 45 freda hus, dei eldste frå mellomalderen, tett saman som i ein idyllisk landsby. Det er også 10 naust med vernestatus som høyrer til Agatunet. 

Opplev den unike Lagmannsstova som er den eldste rettssalen i Noreg og den einaste lafta trehallen som framleis står på plassen den opphaveleg vart bygd. Lagmannsstova vart oppført av riddaren, riksråd og Gulatingslagmannen Sigurd Brynjulvson Aga kring 1220.

Film, kunst- og kulturhistoriske utstillingar. Riddarleikerom for barn. Hyggeleg kafé og museumsbutikk. Omvising kvar heile time fram til kl. 16:00. Baking og sal av krotakaker kvar fredag i tida 22.06 til 10.08.
Kultursti frå parkeringsplassen ved Agatunet til den gamle vikingtidhamna.

Hardanger og Voss Museum, Folgefonnsenteret, Kraftmuseet og Olav. H. Hauge-senteret har inngått eit samarbeid om eit felles sommarpass. Det vil seia at dersom du kjøper dette passet, betalar du full pris den fyrste staden og får 50 prosent rabatt hjå dei andre som er med i samarbeidet.

Kart