Sidersafari i Hardanger- og Sørfjorden

Sidersafari i Hardanger- og Sørfjorden

Denne sesongen vil Aurora of The Fjords dagleg gå i rute i Hardangerfjorden, frå Eidfjord og Ulvik til Odda. Du kan velja om du tar turen berre som sightseeing fjord cruise, eller om du vil leggja til ein eller fleire stopp med fruktgardbesøk og sidersmaking undervegs.

Booking

Om

Sider frå Hardanger har eksplodert i popularitet dei siste åra. Stadig fleire har fått augo opp for det prisvinnande produktet, og no kan du kombinera det beste frå to verdenar med sidersafari i Sørfjorden. Komande sesong er det båten Aurora of The Fjords som tilbyr turar som inkluderer gardsbesøk, sidersmaking og båttur.

Du kan velja å starta turen, som har daglege avgangar, frå Eidfjord og Ulvik inn til Odda. Du har også valet mellom å besøka éin eller fleire sidergardar. I dei pakkane som inkluderer fleire sidergardar, får ein servert lunsj beståande av lokale freistingar frå Hardanger. 

Det finst óg pakkar med middag og overnatting på enten Hotel Ullensvang eller Utne Hotel.
Ynskjer du kun billett til fjordcruise med Aurora, er dette også mogeleg. Det er sal av mat og drikke på båten. 

Gli forbi majestetiske fjelltoppar, kontrastfylte isbrear, sjarmerande fjordbygder og hundretusenvis av frukttre i Sørfjorden – den største frukthagen i Noreg.

Tilgjengeleg i perioden: 13/5 - 1/9

Vil du læra meir om dei ulike sidergardane?

Aga Sideri

Åkre Gard – Edel

Alde

Hardangergutane

Store Naa Siderkompani

Sesong

Kart