Rosendal Fjordhotel

Okt
20

Rosendal Fjordhotell ligg rett ved Hardangerfjorden, sentralt i Rosendal. Hovudattraksjonane og populære fotturar i området er i gangavstand. Hotellet lett tilgjengeleg, til dømes med båt frå Bergen.

Booking
rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside
Some

Om

Rosendal Fjordhotel ligg ved fjordkanten i Rosendal sentrum. Hotellet har 94 rom i kategoriane standard enkelt/dobbeltrom, junior suite og sidefløy - alle med fin utsikt mot Hardangerfjorden eller fjella rundt Rosendal. 

Standardromma har bad med dusj/badekar og TV, dobbeltromma har to separate senger sett saman. Junior suitane har bad med dusj/badekar, TV, dobbeltseng og sittegruppe. Romma i sidefløyen er litt mindre enn standardromma og har bad med dusj, TV og to separate senger sett saman. Frå hotellrestauranten er det fantastisk fjordutsikt. Her er plass til 250 gjestar og hotellkjøkkenet byr på både lokale- og internasjonale rettar. Rosendal Fjordhotel ligg nær attraksjonar som Baroniet Rosendal, Folgefonnsenteret og Galleri G Guddal. Det er også mange flotte merka turløyper i området rundt hotellet. 

Spesial

Kart