Tursti til Skålafjell (Navarhaug)

Okt
19

Stad Rosendal. Turomtale  Frå P-plassen ved kyrkja 500 m til Bjørke. Grusveg utan merking 1,5 km til Åsvodl der vegen flatar ut. Skilt her viser til T-merking. Først skogsveg 300 meter og deretter sti opp lia til...

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

Stad

Rosendal.

Turomtale 

Frå P-plassen ved kyrkja 500 m til Bjørke. Grusveg utan merking 1,5 km til Åsvodl der vegen flatar ut. Skilt her viser til T-merking. Først skogsveg 300 meter og deretter sti opp lia til toppen frå siste svingen på skogsvegen. Den store varden på Navarhaug er oppsett til Rosendal Turnlag sitt 100 års jubileum i 2001. Herfrå er det 360 graders utsyn til fjell og dalar, hav og fjordlandskap, og verdast 3. lengste fjord: Hardangerfjorden.

Turkart 
Folgefonna nasjonalpark. Rosendal Turgruppe sitt rutekart.

Start- og sluttpunkt 
Bjørke.

Parkering 
Ved Kvinnherad kyrkje.

Merking 
Informasjonstavle er oppsett ved snuplass 50 meter før vegbommen på Bjørke. God grusveg utan merking 1,5 km til Åsvodl der vegen flatar ut. Herfrå T-merka og skilta.

Gradering 
Blå. Lett, ein støvel etter DNT-systemet.

Høgdeskilnad 
100 – 501 moh.

Tidsbruk 
2 timar t/r.

Gode råd 
Frå Navarhaug er det T-merka stiar til Vevik, Skjethaug/Neslia, Kjeldestøl, Skåladalen/Ludnabekk, Nordlifjell og Myrdal. Sjå t.d. Rosendal Turgruppe sitt rutekart, og bruk fantasien for å setja saman interessante turar.

Gradering
Klassifisering
Natur og terreng
Varighet

Kart