Parkering: Følg vegskilt "Melderskin" frå Rosendal sentrum til P-plass ved stoppskilt på Kletta
Merking: Informasjonsstavle ved P-plassen. Herfrå 300 m langs vegen utan merking, før stien svingar opp mot Skarshaug. T-merkt med vardar og skilt.
Høgdeskilnad: 160 – 1426 moh.
Tidsbruk: 4 timar opp, litt mindre ned.
TUROMTALE: Frå P-plassen 300 m langs vegen, før stien svingar opp mot Skarshaug. Stien går først i utmark og blandingsskog. Over tregrensa følgjer stien små rygger og dalar, dei spesielle Rindane. Første toppen, Skarshaug, er halvvegs til Melderskin. Siste stykket opp hit har sherpaer frå Nepal sikra med trapper. Flott utsikt. Dalen mot søraust er Hattebergsdalen, ein viktig innfallsport til Hattebergvassdraget og Folgefonna nasjonalpark.
Vidare oppover blir underlaget meir stein og lite vegetasjon. Ei uventa oppleving er moseteppet og det friske vatnet i Holo, før siste oppstiging til toppen. Her ligg ofte snøfonnene heile sommaren.
Frå toppen av Melderskin er det på godversdagar ein heilt utruleg utsikt i alle retningar, vel verdt slitet med turen opp.