Glacier Kayak -Folgefonni Breførarlag

Okt
19

Ein unik padletur mellom isfjell og mektig natur inn til Folgefonna isbre. Bli med på brekajakk og opplev isbreen det krystallklare på tett hald.

Booking
rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

Folgefonni Breførarlag tilbyr no ein unik kajakktur i isklart vatn der du får oppleva Folgefonna, Blådalen og isbreen på tett hald. Godt leia av proffe guidar som sikrar alt av naudsynt kajakkutstyr, tørrdrakt og vasstette padlesko, er det opplevinga og ikkje turen som tek pusten frå deg. Sjølve padleturen inn til den omlag 5000 år gamle breen er på tre km kvar veg – tempo varierer med ditt ferdigheitsnivå.

Turen vert flottare og flottare for kvart padletak du tek og breen siglar fram som ei naturoppleving i verdsklasse. Lokalisert 850 moh, omkransa av mektig natur og isfjell, padlar du langs Møvatnet inn til foten av brearmen. Brekajakk er ein aktivitet som er tilgjengeleg heile sommaren frå 1. juli og til midten av september, og som passar for både nybegynnarar og vidarekomne over 15 år. Turen startar utanfor turistkontoret i Rosendal, Hardanger, og er berekna til 6-7 timar tur/retur. Dette er noko du må oppleva!

Turen kan og kombinerast med Blue Ice Hike (Blåistur) på Juklavassbreen om ein planlegg fleire aktivitetar eller ein helgetur.

NB: Me rådar deg til å ha med guide på turen. Den er trygg i leie med Folgefonni Breførarlag, men den kan vere farleg å ta den utan. Ver varsam på at isflak kan lausna frå breen og at dei kan treffa deg eller skapa store bølgjer om du er for nært. Hald god avstand!

Klassifisering

Kart