Folgefonnsenteret

Folgefonnsenteret er tilknytt Folgefonna Nasjonalpark og inneheld moderne, interaktive utstillingar med tema som geologi, klima, vatnet sin syklus og livet i Hardangerfjorden. Folgefonnsenteret er lett tilgjengeleg med ekspressbåt frå Bergen.

Om

Senteret opna i 2017, og i utstillinga med 18 interaktive stasjonar lærer du m.a. om Folgefonna nasjonalpark, livet i Hardangerfjorden, vatnet sin syklus og klimaendringar. I auditoriet på senteret kan du sjå fire spennande filmar med tema vatn, geologi, livet på jorda og hjort.

Skalurensamlinga er eit lite båtbyggjarmuseum i same bygning som Folgefonnsenteret. Biletten til Folgefonnsenteret inkluderer også inngan i dette museet. 

Hardanger og Voss Museum, Folgefonnsenteret, Kraftmuseet og Olav. H. Hauge-senteret har inngått eit samarbeid om eit sommarpass for 2020-sesongen. Det vil seia at dersom du kjøper dette passet, betalar du full pris den fyrste staden og får 50 prosent rabatt hjå dei andre som er med i samarbeidet.

Klassifisering
Sesong

Kart