Folgefonni Breførarlag tar deg med på brevandring over Folgefonna. Opplev ein historiske bretur som tidleg lokka den Europeiske overklassen til Hardangerfjorden.
BookingFolgefonni Breførarlag tar deg med på ei historisk brevandring over Folgefonna, frå Sundal i Mauranger til Tokheim i Odda. Frå midten av 1800- talet til første verdskrig kom overklasse frå heile Europa for å oppleve Folgefonna. Då vart turen gjennomført på hesterygg frå fjorden til brekanten, og deretter med hest og slede over breen. I mellomtida segla luksusyachtane som tok dei med til Hardangerfjorden rundt Folgefonnhalvøya.
Med Folgefonni Breførarlag varar breturen over Fonna i to dagar, med overnatting på DNT hytte undervegs. Starten er vegen langs det vakre Bondhusvatnet, vidare føl du T-merka sti frå Bondhusdalen til hytta Fonnabu. Gåtid første dag er 6-8 timar. På Fonnabu er det overnatting med middagsservering.