Treng du tips og inspirasjon til Norgesferie i Hardanger? Då treng du i så fall ikkje å leita lenger!
Fjord, fjell og fonn. Fossar, hundretusenvis av frukttre og levande bygder. Hardangerfjorden – den tredje lengste i verda – inneheld det beste Noreg har å by på. Med ei rik mat- og kulturhistorie, verdskjende ikon og unike naturopplevingar, er det lett å forstå kvifor Hardanger har vore eit ynda reisemål i fleire hundre år. Regionen, med kommunane Kvam, Eidfjord, Kvinnherad, Ullensvang og Ulvik, er eit eldorado som er vanskeleg å skildra med ord. Du må nesten oppleva det sjølv.
Velkomen til ein minneverdig ferie i Hardanger!
Barn i Hardanger

Ta med barna på familieferie til Hardanger. I den vakraste regionen i Noreg finn du ei rekke spanande og barnevennlige tilbod som passar perfekt for familiar.
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram