Folk, opplevingar, bygder og kultur - alt dette og mykje meir - er med å gjera Hardanger til Hardanger. Kom tett på og bli kjend med den makelause regionen vår.
Fjord, fjell og fonn. Fossar, hundretusenvis av frukttre og levande bygder. Hardangerfjorden – den tredje lengste i verda – inneheld det beste Noreg har å by på. Med ei rik mat- og kulturhistorie, verdskjende ikon og unike naturopplevingar, er det lett å forstå kvifor Hardanger har vore eit ynda reisemål i fleire hundre år. Regionen, med kommunane Kvam, Eidfjord, Kvinnherad, Ullensvang og Ulvik, er eit eldorado som er vanskeleg å skildra med ord. Du må nesten oppleva det sjølv.
Bygdalarm er ein musikkfestival i Norheimsund i Hardanger, 5.-7.juli 2024. Visjonen vår er å vera av dei beste musikkfestivalane i Vestland. Målet er alltid å gi publikum i fleire aldersgrupper musikk opplevinga...
Det beste av det de har gjort hver for seg - og sammen - samt et godt dryss av både Stavanger- og Bergenshumor. Karoline Krüger og Sigvart Dagsland tar for første gang sin duokonsert på turné til de store norske ko...
Her finn du informasjon om korleis du kjem deg til regionen vår.
Velkomen til Hardanger – ei perle berre éin time unna Bergen og den internasjonale flyplassen Flesland.
Ta kontakt med dei ulike turistkontora i Hardanger-regionen! Dei har stålkontroll og sit på mykje informasjon om dei ulike tilboda i deira område.