Steinsdalsfossen

Steinsdalsfossen

Gå tørrskodd bak ein av Noregs mest populære fossar. Steinsdalsfossen ligg lett tilgjengeleg og rett ved vegen nært Norheimsund.

Om

Steinsdalsfossen like ved Norheimsund er av det spektakulære slaget. Her kan du nemleg gå på baksida utan å verta våt. Frå parkeringsplassen med plass til både bilar, bubilar og campingvogner, fylgjer du vegen langs elvebreidda og fossefallet. Vegen fortset inn bak fossen og til utkikkspunktet på andre sida -  med nydeleg utsikt mot Norheimsund og over heile Steinsdalen.

Fossen, med sitt 50 meter høge fall, har blitt ein populær attraksjon og eit ynda fotomotiv. Dette er noko alle bør sjå, og anlegget rundt er tilpassa både dei som er dårleg til beins og dei som sitt i rullestol. Ein tur til Steinsdalsfossen passar med andre ord for kven som helst. La deg beundra av fossefallet og naturkreftene frå plenen på framsida eller frå kafeen ved parkeringsplassen.

Med gode parkeringsmogelegheiter, turistinformasjon og som eit høgdepunkt langs Nasjonal turistveg Hardanger, er dette eit naturleg stoppepunkt i Hardanger!

Generelle fasiliteter
Gradering
Handikap
Natur og terreng
Prisnivå
Sesong

Kart