Norsk Natursenter - Hardanger

Norsk Natursenter - Hardanger

Norsk Natursenter Hardanger er eit moderne natur- og kulturhistorisk opplevingssenter lokalisert i Øvre Eidfjord.

Booking

Om

Her finn du tre etasjar med engasjerande utstillingar om norsk natur, klima og miljø, og ein moderne kinosal der den spektakulære panoramafilmen «Fjord Fjell Foss» visast. Norsk Natursenter er også offisielt besøkssenter for Hardangervidda Nasjonalpark.

 Norsk Natursenter er eit moderne aktivitets- og opplevingssenter for heile familien med fokus på norsk natur, klima og miljø. Her er det tre etasjar med spennande utstillingar, bygd opp som ein tidsreise frå 2,9 milliardar år sidan og frem til i dag. Her finn du engasjerande og lærerike opplevingar i form av interaktive stasjonar, bergartar, minerala, fossil, modellar, akvarium, temavideo og illustrasjonar. Du kan også ta ein nærmare titt på dyrelivet, naturen og klimaet, og utforske samspelet mellom natur og kultur. Ved å sjå på, røre, høyra og lære, vert du en aktiv og kreativ del av utstillinga.

Eit av høgdepunkta er den moderne kinosal som viser film over 225 graders panoramaskjerm. Med ny filmteknologi og komponert musikk kan vi tilby ein av Europas største panoramaskjermar, 21 meter lang og 4 meter høg i eit sømløst bilde med 225° synsvinkel. Tilsvarande film med 12 K kvalitet er tidlegare aldri produsert i Norge. Panoramafilmen viser ei reise gjennom fjordar, fjell og fossar på ein spektakulær og spennande måte!

Norsk Natursenter Hardanger er og besøkssenter for Hardangervidda nasjonalpark. Hardangervidda er Nord-Europas største høgfjellsplatå, og skiftar mellom bratte vestlandsfjell i Hardanger og slakare høgfjellsslette i aust. Om lag halve viddeplatået er verna som nasjonalpark. 

Hardangerviddahallen Restaurant & Kafé ligg ved senteret, her bør du ta deg tid til å nyte eit måltid. Restauranten kombinerer norsk matkultur og historie med ferske råvarer frå distriktet, på menyen står mellom anna reinsdyrsteik og fjellaure.

Klassifisering
Sesong

Kart

Prisar

Beskrivelse
Pris*
Familie (2 vaksne / 2 barn 3-15 år)
440,00
Barn, 3-15 år
100,00
Vaksne, pris per person
180,00
*Pris frå