Om
Den vakre kraftstasjonen ligg nede ved fjorden og er eit monument over vasskrafteventyret som starta i 1906. Museet tilbyr
omvisingar i kraftanlegget, vising av film, faste- og skiftande utstillingar. Museumsbutikk og kafé. Skreddarsyr opplevingar til turopplegg, konferanse og seminar. Facebook
Lilletopp
Fottur til voktarbustaden i fjellsida bak Norsk Vasskraft- og Industristad Museum (NVIM). Her får du sjå fordelingsbassenget,
dei tørrlagde tunnellane og starten av røyrgata som går ned til NVIM. Omvisingar utanom opningstid kan bestillast.
19.06-22.08 man-søn 12:00 - 18:00
KraftLaben i Odda sentrum
Interaktive utstillingar, eksperiment og vitenshow. Vitenpark med spennande installasjonar. Dette er ein lærerik leikeplass for heile familien!
22.06-14.08 tys-lør 11:00-16:00
Kraftmuseet tilbyr ulike opplevingar i Odda sentrum for grupper på bestilling. Omvising i Arbeidarbustadane i Folgefonngata, innreia som dei var i 1910, 1920, 1930, 1950 Omvising og utstilling av kunsthandverk i den største industrismia i Norden. Omvising på Smelteverket, som ein gong var verdas største karbidverk. Byvandring med vektlegging av arkitekturhistorie og byplanlegging.
Hardanger og Voss Museum, Folgefonnsenteret, Kraftmuseet og Olav. H. Hauge-senteret har inngått eit samarbeid om eit sommarpass for 2020-sesongen. Det vil seia at dersom du kjøper dette passet, betalar du full pris den fyrste staden og får 50 prosent rabatt hjå dei andre som er med i samarbeidet.
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram