Violin
Hardanger

Møt Hardanger og Hardingen

Kontrastane er store i Hardanger. Uansett kva retning du reiser, kjem du tett på den eine skatten etter den andre. Landskapet i regionen, med kommunane Kvam, Kvinnherad, Ulvik, Eidfjord og Ullensvang, er svært variert og vanskeleg å skildra med ord. Du må nesten sjå det med dine eigne auge.

Her finn du meir informasjon om kva som kjenneteiknar ein harding og dei ulike områda i Hardanger.

rose
Fakta
Den nest lengste fjorden i Noreg
Den største frukthagen i Noreg

Ein region forma av menneske og tradisjonar

Kom tett på Hardanger og hardingen. Bli kjent med regionen vår, kvardagen vår og få innsidetips frå lokale eldsjeler til kva du bør sjå, oppleva og smaka når du vitjar oss.

Nyweb VB06765
Hardingen

Bli kjend med Hardingen

Tradisjonane står sterkt i Hardanger. I generasjonar har hardingane perfeksjonert og sysla med mellom anna fruktdyrking, saum, matproduksjon og reiseliv. I generasjonar har hardingane sett moglegheiter og jobba iherdig for å skapa store opplevingar for andre. «Dagens» Hardanger er ikkje noko unntak. For sjølv om me har utvikla oss i takt med tida, er identiteten vår den same. I Hardanger tek me vare på tradisjonane våre, og no, som me har gjort i fleire hundre år, vil me dela det beste Noreg har å by på med akkurat deg.

Velkomen til oss!

rose
På bilete: Olav Bleie
Fruktbonde og siderprodusent
Det unike med Hardanger

Natur ingen andre kan skilta med

Frå fjord til isbre, frå eple til sider, eller frå vatn til straum. Kontrastane er store i Hardanger, og eksempla er mange. Få plassar i verda kan du stå på ski og slappa av på stranda nede ved fjorden på ein og same dag. Det er ikkje utan grunn at turistar, kunstnarar og forfattarar har latt seg inspirera av omgjevnadane i hundrevis av år. Den unike naturen i Hardanger tek nemleg pusta frå dei fleste. Og det er når du fyrst får oppleva den sjølv, du forstår kvifor.

VH BRAND MAIN 00 00 34 13 Still025 p 1600
Nyweb Bløming 2019 Haara 16
Det unike med Hardanger

Store variasjonar frå årstid til årstid

Det er om våren og sommaren dei fleste viar turen til Hardanger. Det er då dei hundretusenvis av frukttrea blømer, fossane buldrar og turar som Trolltunga skin om kapp med sola. Om hausten og vinteren får du derimot eit heilt anna møte med landskapet i Hardanger. Epleblomen har blitt til saft og sider. Dei buldrande fossane har fryst fast til is. Turen til Trolltunga byr på ei heilt anna oppleving. Men sjølv om naturen endrar seg frå årstid til årstid, er wow-faktoren akkurat den same. Opplev kontrastane sjølv! Hardanger er tilgjengeleg heile året.

800x450 Eidfjord 7