Søkeresultat: 9
Den vakre kraftstasjonen ligg nede ved fjorden og er eit monument over vasskrafteventyret som starta i 1906. Museet tilbyr omvisingar i kraftanlegget, vising av film, faste- og skiftande utstillingar. Museumsbutikk og kafé. Skreddarsyr opplevingar…
Eit spennande opplevingssenter for norsk natur, klima og miljø vist med tematiserte utstillingar over tre etasjer. I eigen kinosal er det vising av panoramafilmen Fjord Fjell Foss. Filmen som er produsert av Ivo Caprino varer i 20 min og tek deg med…
Agatunet er eit av få bevarte norske klyngetun og den største freda bondelandsbyen i Noreg. Her ligg 45 freda hus, dei eldste frå mellomalderen, tett saman som i ein idyllisk landsby. Det er også 10 naust med vernestatus som høyrer til Agatunet…
Hardanger Akvasenter er eit visningssenter for akvakultur med moderne utstilling i Hardangerbadet (Øystese) og oppdrettsanlegg i full drift ute på fjorden. I visningssenteret, som opna dørene mars 2020, gjev den interaktive utstillinga deg innsikt i…
Regionsmuseum for Hardanger med faste utstillingar av hardangersaum, bunad og folkedrakter. Folkemusikkutstilling med landets største samling eldre hardingfeler. Skiftande kunst- og kulturhistoriske utstillingar. Friluftsmuseum med historiske…
Kunsthuset Kabuso har skiftande utstillingar, konsertar og andre arrangement heile året. Magiske lysopplevingar i Hardanger Skyspace - lysinstallasjon av den amerikanske kunstnaren James Turrell. Ingebrigt Vik museum - samlinga etter ein av landets…
Hauge-senteret ligg vakkert til på Brakanes ved Ulvikafjorden. Her blir du kjent med den store diktarens liv og verk og du kan oppdage poesi og lyrikk i mange former på nye og spennande måtar. Senteret inneheld utstilling,…
Kyrkja vart bygd mellom 1200 og 1250, og er kjend for det undergjerande krusifikset som framleis heng over korbogen. Etter forteljartradisjonen sveitta det kvar jonsoknatt (6. juli etter den julianske kalendaren) og denne sveitten hadde lækjande…
2,5 timar lang rundtur i dramatisk natur. Buss frå Eidfjord til Hardangervidda Natursenter og deretter vidare til Vøringsfossen før ein returnerer attende til Eidfjord. Rundturen korresponderer med Hardangerfjord Sightseeing som går i rute mellom…
Andre sider
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram