Finsehytta 1223 moh, ligg ved innfallsporten til Hardangervidda og Skarvheimen, fint plassert med fin utsikt til Hardangerjøkulen, og med gangavstand til Hallingskarvet Nasjonalpark.
Mange fine turmulegheiter både sommar og vinter.
* 162 overnattingsplassar, og servering av frukost og middag.
* Lunsj blir servert mellom kl 1300 og kl 1630 kvar dag
* Me serverer også vårt eigeproduserte øl frå Finse 1223 microbryggeri, Norges høgstliggande bryggeri.
* Alle rettigheiter
* Syklar du Rallarvegen så er Finsehytta eit naturleg stopp på Finse.
* I sommarsesongen er Rallarmuseet verdt eit besøk, samt bretur på blåisen med Jøklagutane.
* I vintersesongen byr Finse på fantastiske skiturar i merka løyper samt andre vinter aktiviteter.
Følg oss...
Facebook
Vimeo