Fjordcruise på Hardangervidda

Fjordcruise på Hardangervidda

Eit ekte høgfjellscruise i ein komfortabel båt med ein erfaren guide på Nord-Europas største høgfjellsplatå.

Booking

Om

Her nyt me nærheten til naturen og dyrelivet mens me får servert ein smakebit av fjellet.

På Hardangervidda er det eit rikt dyre- og fugleliv, og me kan forberede oss på eit eksotisk lydbilde. Me vil bl.a. få muligheten til å sjå sjeldne fugleartar som f.eks. ringtrost, så det kan vere kjekt å ta med seg ein kikkert. 

Når me kjem utover fjorden får me eit fantastisk skue til Hallingskarvet, Hardangerjøkulen og utover den vidstrakte Hardangervidda, så hald fotoapparatet klart.

Guiden vil ta oss med tilbake i tid og fortelja og vise oss historia på høgfjellet fram til i dag. Her har det vore stor aktivitet i 8000 år, og det finst mange spor etter faren tid. Her har fangsfolk, driftekarar, biskopar, reinsgjetarar, jegerar og vandrarar lagt sin veg og Halne har vore eit sentralt punkt. 

I Hardangervidda nasjonalpark held Europas største villreinstamme til, og guiden vil gi oss eit innblikk i kvifor det er så viktig å ivareta denne stamma og leveområdet den har. Det er mange utfordringar knytta til reinen og nasjonalparken, og guiden vil fortelja om dagens forvaltning og politikk. 

Dette er ein tur som vil gi deg både ei fantastisk naturoppleving og masse kunnskap om fjellet og dets biologi og historie - som du kan ta med deg vidare på framtidige turar.

Turen varar ca 2 timar, og etter returen er du sjølvsagt velkommen til å ta deg ein fottur i fjellet og ete eit godt måltid på Halne Fjellstugu.

Hjarteleg velkommen.

Arrangør: Halne Fjellstugu
Parkering: Ja
Oppmøteplass: Halne Fjellstugu
Ordrefrist: Dagen før, kl 18:00
Ta med: Regnjakke og ullundertøy, kikkert og kamera. Været på fjellet skiftar fort, så ha med eit ekstra lag å ta på (fleece/ull).
Kontakt oss: post@halne.no | +47 53 66 57 12

MERK! Dersom de ønsker å ta turen ein annan dag, kontakt oss og me vil prøve å arrangere det for dykk.

 

Sesong

Kart