Sep
18

Opplev Vøringsfossen - den mest kjende i heile Noreg! Sjå store vassmengder stupa ned i Måbødalen frå spektakulære utsiktspunkt ved Fossli Hotel, eller gå over sjølve fossen frå den nye gangbrua.

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Mail

Om

Noregs mest kjende foss. Sjå store vassmengder stupa 182 m frå Hardangerviddaplatået ned i Måbødalen. Spektakulære utsiktspunkt ved Fossli Hotel om lag 1 km frå rv 7 Nasjonal Turistveg Hardangervidda. På grunn av Sima Kraftverk er fossen regulert. Nasjonale turistveger starta arbeidet med anlegget på Vøringsfossen hausten 2015, og alle utsiktsplatformene ved Fossli Hotel er no ferdige. Gangbrua over elva vart opna i slutten av august 2020.

Det er også mogeleg å gå inn til foten av Vøringsfossen. Meir informasjon om turen finn du her.

Fossen er delvis eller heilt frosen på vinterstid. Dersom det er mykje snø, kan det difor vera at du ikkje ser fossen. Dersom det er snøfritt eller lite snø, kan du derimot sjå den spektakulære fossen frå utsikts- og fotopunktet på Fossatromma, om lag 150 meter nedanfor Vøringsfoss Kafeteria & Souvenir.
Når det er store snømengder, er det ikkje trygt å ferdast ute på utsiktspunkta ved Fossli Hotel. Dette på grunn av at sikkerheitsgjerda kan vera nedsnødd.

Sesong:
Parkering og toalettanlegg ved Fossli er tilgjengeleg 01.04.–31.10. med forbehold om små/normale snømengder, kan opnast seinare og / eller stenge tidlegare på grunn av snø, is og værforhold. Ved ferdsel på utsiktspunkta, må det til einkvar tid takast hensyn til vêr og føreforhold.. 

Kart

Arrangement i nærleiken