Turløyper Sysendalen

Kartet viser skiløyper og utvalde sommarløyper i Sysendalen og i sentrale nærliggjande fjellområder.

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Some

Om

Dei merka og preparerte skiløypene i Sysendalen er i hovudsak gradert som blå for middels godt trente skiløparar med grunnleggande skiferdigheiter. Dei delane av løypenettet som er meir krevjande er merka av i kartet med høgare gradering.

I løypenettet er det utplassert retningsskilt med namn på staden der løypa ender og distanse til staden. Det er og symbol med farge i samsvar med graderinga. Sett deg inn i kva som krevst for å gå inn i terreng med ulik gradering.

Løypene vert køyrt alle helger f.o.m. jul til over påske, og er klare for bruk til kl 10 kvar laurdag og sundag. Løypene som ligg høgt til fjells vert ikkje køyrt før vinterferien.

Sommarløypene er markert med gult i kartet. I tillegg til DNT sine turstiar i område teke med. Dei er markert med raudt i kartet. Der det er DNT-merka løyper som er sammanfallande med dei lokale løypene, vert det ikkje merka med gult i terrenget. Heile rundturar i sommarløypenettet vert merka med namn, retning og distanse i staden.

Det er ein kombinert gang-/sykkelsti og skiløype i Sysendalen. Den går mellom Midtbø og Maurset. Den har lys. Den er markert med både blått for skiløype og gult for gangsti.

Dei markerte sommarstiane er gradert som raude for erfarne turgåarar.

Last ned kartet her

Kart

Arrangement i nærleiken