Tur til Sandhaug / Besso med fiske i Normannslågen (2-3 dg)

Nyt Hardangervidda på sitt beste! Køyr Tinnhølvegen og parker på parkeringsplassen ved Tinnhølen. Gå merka løype frå Tinnhølen til Sandhaug ca 4 timar, eller Besso ca 5,5 timar. Vi anbefalar å nyte ferdige mål...

rose
Kontaktinformasjon
Adresse

Om

Nyt Hardangervidda på sitt beste!



Køyr Tinnhølvegen og parker på parkeringsplassen ved Tinnhølen. Gå merka løype frå Tinnhølen til Sandhaug ca 4 timar, eller Besso ca 5,5 timar.



Vi anbefalar å nyte ferdige måltid og overnatte på Sandhaug eller Besso Turisthytte og bruke ein heil dag på å fiske i Normannslågen. Fiskekort for statsallmenningen kan du også kjøpe på turistkontoret. Retur tilbake til Trondsbu/Tinnhølen.

Dette er ein tur i høgfjellet. Dette må du vite før du går i høgfjellet i Norge:

Ta med varme, vindtette og vasstette klede.

Veret i høgfjellet er annleis enn i låglandet. Du må vera førebudd på låge temperaturar, også om sommaren. Veret kan skift raskt. Om det er fint ver i låglandet kan det vera skodde i høgfjellet, og vesentleg lågare temperaturar.

Ha med kart og kompass (og GPS). I Norge kan det vera vanskeleg å følgja stien, trass i at den er merka. Særleg i skodde kan ein gå seg bort. Difor treng du kart og kompass.

Du har ikkje tilgang til elektrisitet i høgfjellet: ta med nok batteri! I kulde bruker du meir batteri.

Du har i regelen IKKJE mobildekning (og IKKJE internett) i høgfjellet. Skjer det noko, er det ikkje sikkert du kan ringa etter hjelp. Det kan vera fleire dagar å gå til nærmaste bilveg.

Me reknar avstandar i fjellet i timar og ikkje kilometer. Norsk standard gangtid (som du vil finna turskildringar, og som er merka inn i turkart ) opplev mange som svært rask gange. Du må legge til ekstra tid for pausar. Ein 6-timarstur er rekna som fulldags tur, og ein 8-timarstur er rekna som ein lang dags tur. Ver merksam på høgdeforskjell. Ein kilometer i flatt terreng er annleis enn 4 kilometer med høgdeforskjell på 1.000 meter. Nedoverbakke er like krevjande som oppoverbakke, særleg om ein ber tung sekk. 

Skal ein gå fleire dagar i fjellet må ein vera i fysisk form til å klara det. 

I høgfjellet er du i villmarka, på godt og vondt. Det er ikkje butikkar, lege, restaurantar eller minibank tilgjengeleg. Det kan vera fleire dagar å gå til nærmaste bilveg. Du kan kjøpe proviant, og overnatte, på den Norske Turistforeningen sine hytter. Du kan betale kontant eller ved betalingsfullmakt. Les meir her 

Om du ikkje vil bruka pengar på utstyr og kart, er det best å ta dagsturar, sjå mange fine turforslag i Eidfjord her

Ver merksam på at sesong for tur i høgfjellet er i juli og august, når det er snøfritt. Vinteren kan kome brått, og nådelaust, allereie i september. 

Ikkje utsett deg sjølv eller andre for fare, ved å gå utanfor sesong, eller ved å vera dårleg utstyrt. Kvart år må mange ha hjelp av frivillige i fjellet.

I regelen kan du drikka vatn i høgfjellet, men dette er ingen garanti. Ver obs på område der mange ferdest (til dømes ved Trolltunga), og i små vassdrag. 

Ta med alt søppel heim.

Naturen i høgfjellet er svært sårbar. Ikkje uroa dyr og fuglar, og øydelegg ikkje vegetasjon.

Det er ikkje lov å gjere opp eld i skogsområde mellom 15. april og 15. september.

Skal du fiska i vatn, må du ha fiskekort. Dette er til sals online, på turistkontora, og ofte på hyttene i fjellet.

Adgang /Tillgang
Aktiviteter
Avstand
Gradering
Natur og terreng
Sesong
Varighet

Kart