Måbødalen Kulturlandskapsmuseum

Jul
24

Måbødalen kulturlandskapsmuseum forvaltar det kulturhistoriske miljøet i Måbødalen. Med dei gamle husa, steingardane, rydningsrøysene, slåtteteigane, vatningsanlegga, stølsdrifta, stigar, vegar og bruer syner kulturlandskapet spora etter den menneskelege verksemda i dalen.

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Tripadvisor

Om

Gardstunet på Måbø, er eit lite rekkjetun med to bruk øvst i dalen. Dei siste hundre åra har det vore to stovehus, to løer og eit eldhus langs den gamle kløvstigen som går gjennom tunet. Bygningar, stigar og bruer er sett i stand. Museet har gjort heile dalbotnen til eit utstillingsområde, der 21 informasjonstavler formidlar historia om ressursutnytting og utvikling i Måbødalen.

For meir informasjon om Måbødalen og Måbøgaldane, sjå her

Sesong

Kart