Hardangervidda

Jul
24

Hardangervidda nasjonalpark er den største nasjonalparken i Noreg. Eit fantastisk turområde for både erfarne og mindre erfarne fjellfolk.

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

Du kan gå frå hytte til hytte, ligge i telt, ha base på ein campingplass eller på eit av hotella på fjellet eller ved fjorden.

Langs Rv 7 over Hardangervidda ligg m.a. Dyranut Fjellstova 1245 moh. og Liseth Pensjonat og Hytter. Nokre timar frå bilvegen inne på vidda ligg turisthytta Rauhelleren 1220 moh. Alle stadane er gode utgangspunkt for fjellturar, fisking og andre aktivitetar på Hardangervidda. Den siste skituren kan du vanlegvis gå i juni, og frå starten av juli er det klart for fotturar.

Detaljerte kart kan kjøpast på overnattingsstadane, lokale bokhandlarar, turistinformasjonar eller Den Norske Turistforening. www.turistforeningen.no Vil du lære meir om Hardangervidda kan du også besøkje Norsk Natursenter Hardanger som ligg i Øvre Eidfjord. Norsk Natursenter

Kart