Halnekongen

Halnekongen

Kombiner fjellturen med båttur. Båten Halnekongen tilbyr skyss frå Halne Fjellstugu (lokalisert ved rv7) 13 km inn på Hardangervidda fjellplatå.

Booking

Om

Her får du eit fantastisk utgongspunkt for turar inn i nasjonalparken. 

Dei nærast liggande DNT-hyttene er Heinseter og Rauhelleren, og mange tar ei overnatting på desse før dei fortset innover vidda eller returnerer til Halne. De er og fleire mulighetar for dagsturar. Turane kan du legge opp sjølv og kan tilpassast alle. Hardangervidda har tørt og lettgått terreng. 

Om du ønskjer turforslag eller å ha med deg ein guide, kan du ta kontakt med oss. Me kan legge opp turen etter dine ønsker. 

På Rv7 går det buss til Geilo og Eidfjord, og elles kan Halne Fjellstugu tilby skyss. På Halne Fjellstugu er du sjølvsagt velkommen til å nyte ein god middag av lokale råvarer etter ein flott vandretur i fjellet.

Båtrute: Halnekongen har to kaiar inne på vidda: Sleipa og Skaupa. Ein enkel dagstur er å gå frå den eine kaien til den andre. Då har de god tid til å sjå dykk om ta lunsj.

For rutetider og prisar, sjå halne.no

Adgang /Tillgang
Generelle fasiliteter
Sesong

Kart