Eidfjord Autorent - Bilutleige i Hardanger

Eidfjord Autorent - Bilutleige i Hardanger

Eidfjord Autorent tilbyr eit utval av bilar til halvdags- og heildagsleige. Med leigebil får du friheita til å utforske Hardangerfjorden og sjåverdigheiter som Vøringsfossen, Hardangervidda nasjonalpark og Kjeåsen fjellgard på heilt eigne premisser!

Om

Eidfjord Autorent er lokalisert i Eidfjord sentrum, som ligg ved innfarten til Hardanger like etter Vøringsfossen og Hardangervidda nasjonalpark. Med leigebil får du friheita til å utforske den vakre Hardangerfjorden på eigne premisser og kan oppsøke akkurat det du sjølv vil! Hardanger er kjend for smale vegar langs langstrakte fjordarmar kor kvar ein sving byr på storslagen utsikt til bratte fjell og vakre naturområde. Med leigebil kan du utforske kjende ikoner som Vøringsfossen, Hardangervidda nasjonalpark, Kjeåsen fjellgard, Hardangerbrua, eller nokre av dei storslagne fjelltoppane eller fjordbygdene i regionen. 

Hjå Eidfjord Autorent, som er tilgjengeleg dagleg i perioden 1. april – 24. oktober, tilbyr dei bilar frå 3-7 seter - både med automat og manuell giring. Kun drop-in-bestilling.

Prisar: 

Heil dag 09.00-18.00:

1-5 personar: kr 2950 per dag

6-7 personar: kr 3650 per dag

8-9 personar: kr 4950 per dag

El-bil, 1-5 personar: kr 3650 per dag 

3,5 timar:

1-5 personar: kr 2650 per dag

6-7 personar: kr 3150 per dag

8-9 personar: kr 4250 per dag

El- bil, 1-5 personar: kr 3000 per dag 
 

Alle prisar inkluderer drivstoff, forsikring, gratis antall kilometer, fleire sjåførar, og barnesete om nødvendig.

Når du bestiller, vennligst ta med denne informasjonen:
- Fullt navn
- Adresse
- Telefonnummer
- Legg ved kopi av førerkortene til alle sjåførene
- Gi oss beskjed om totalt antall personer, og kor mange voksne og barn (og barnas alder).

På 3,5 timar kan du f.eks:
• Oppleve Norsk Natursenter og Vøringsfossen (40 km t/r)
• Køyre til Kjeåsen fjellgard og nyte utsikta (25 km t/r – hugs timekøyring: oppkøyring på heil klokketime, nedkøyring på halv klokketime).

 

Andre opplevingar: 

• Utforske nasjonal turistveg Hardangervidda

• Utforske fruktbygda Ulvik

Finn fleire opplevingar her

Våre biler:

VW Beetle – manuell and automatisk.

Ford S-max  SV56275 – 2014 modell, 7 seter, Automatic, Air Condition

Ford S-Max SV11390 -  2011 modell, 7 seter, Automatic, Air Condition

VW Golf  SU41488, 2007 modell, Manuell, 5 seter, Air condition

Sesong

Kart