Fun rafting – Best Adventures

Sep
20

Bli med på ei morosam, spennande og fartsfylt oppleving. Best Adventures tilbyr Fun Rafting på elva Bjoreio i Øvre Eidfjord. Denne turen passar for barn frå 7 år, og er ei fin familie aktivitet.

Booking
rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside
Some
Tripadvisor

Om

Bli med å rafte på elva Bjoreio i Øvre Eidfjord! Dette er ei morosam, spennande og utfordrande oppleving.

​​​​​​

Fun rafting med Best Adventures passar for barn og vaksne, og er ein fin aktivitet for både familiar og venner. Nedre aldersgrense er 7 år, og barnet må då vere saman med føresett.



Opplegget startar på senteret til Best Adventures, og elva ligg 100 m frå møtepunktet. Raftane er for to til fire personar, og du får opplæring i korleis handtere utfordringane i elveløpet. På turen blir du tatt med nedover fartsfylte stryk og rolegare elveparti.

Inkludert i prisen er våtdrakter og alt nødvendig sikkerheitsutstyr. Ta med badetøy til å ha under våtdrakta, og handkle. Sesong er ca. frå midten av juni og ut august, varigheita på opplegget er mellom 2-2.5 timar.

Klassifisering
Utleie

Kart

Arrangement i nærleiken