Gleder i Eidfjord som gir minner for livet. Gode dagar, aktive dagar, late dagar, spennande dagar, natur, kultur og mangfald. Dette er noko av det vi lovar deg i Eidfjord.
Her får du ekte matopplevingar blanda med kultur og tradisjonar, og gjestfrie menneske. Du vel sjølv om du vil ha eit aktivt friluftsliv med naturopplevingar ved fjorden eller i fjellet, det verkelege fjellfolket sitt rike. Ved fjorden kan du nyte sol, varme og badeliv.
Eidfjord er unik. Freistande. Her er det berre 30 minuttar frå vakre, varme Hardangerfjorden til villmarka i 1250 meters høgde på Hardangervidda. Her kjem du tett på naturen, kulturen og menneska. Ekte, friskt, mangfaldig og gavmildt frå naturens side. Difor ser vi spor etter menneske 4000 år tilbake og difor har Eidfjord og Vøringsfossen vore eit av Norges mest attraktive reisemål i over 100 år. Det er lett å la seg begeistre av Eidfjord og Hardangervidda. Her finst mulegheiter for store og små.
Utstilling med Hans Sande i Galleri Banken - Ølve. Skulpturar og dikt. Kunstnar, psykiater og forfattar Hans E Sande har gitt ut ei rekke bøker i forskjellige sjangrar og har som biletkunstnar illustrert fleire av dei...
Rosendal Musikklag ynskjer dykk hjarteleg velkomne til ein unik festkonsert i den storslagne Riddersalen. Under leiinga av vår eigen dirigent, Sebastian Lamberg Torjusen, tek vi dykk med på ei reise inn i musikkens v...
Husnes Blandakor og Røysterett for Alle. Dir - Maria Malmsten - Syng med oss i Festsalen på Kulturhuset Husnes
Mulegheitene er mange i Eidfjord om vinteren
Sysendalen og Hardangervidda er eit eldorado for skientusiastar og alle som er glade i fjellet. Kvista løyper er det mange av, men mulegheitene for å gå i uberørt terreng er også mange. Ved påsketider er dei fleste hyttene inne på fjellet åpne for servering og overnatting. Her treng ein ikkje å gå langt frå riksvegen for å lage seg ei snøhole, soleplass eller kaffibål med villmarka som næraste nabo. Akebakkar for borna er det nær sagt over alt.
Turgleder på Nord-Europas største høgfjellsplatå. Opplev storslått natur og eit rikt dyre - og planteliv ved veg eller i villmark.
Mest populære "Insta spots" i Eidfjord
Kva med ei langhelg i Eidfjord? Her er forslag til fleire dagar med opplevingar for barnefamiliar.
Kva med ei langhelg i Eidfjord? Her er forslag til fleire dagar med opplevingar for den aktive og turglade.
Kva med ei langhelg i Eidfjord? Her er forslag til fleire dagar med opplevingar for den godt vaksne.