Sider frå Hardanger

Web 3 R4 A2967

Har du prøvd dei edle dråpane frå Hardanger? Velkomen til hjarte av norsk sider og frukt.

rose

Nokre ting berre passar ekstra godt saman. Slik er det med frukt og Hardanger, og det er ikkje tilfeldig at munkane byrja med fruktproduksjon i regionen på 1300-talet. Det unike klimaet langs Hardangerfjorden gjev optimale vilkår for å dyrka eple av særs høg kvalitet. Og når råvarene ikkje kan verta betre, ligg alt til rette for god sider og saft.

I generasjonar har dei berømte Hardanger-epla vorte pressa og prosessert til perfeksjon. Dei siste åra har dog populariteten, kvaliteten og standarden nådd heilt nye høgder. No kan Sider frå Hardanger skilta med fleire nasjonale og internasjonale prisar. På lik linje som Champagne, er «Sider frå Hardanger» ei geografisk beskytta nemning. Sideren, som er laga på eplejuice og gjæra på enten villgjær eller sjølve epleskalet, er karakterisert av ein lett, syrleg og aromatisk eplesmak.

Web Fotokred Utne Hotel
rose

La historia og smaken av dei unike epla følga deg gjennom dei mange sider-produsentane i regionen. Kva med å kombinera det beste frå to verdenar med sidersafari i Sørfjorden om bord sightseeing-fartøyet Vision of the fjords? Då får du oppleva skreddarsydde pakkar som inkluderer gardsbesøk, sidersmaking og båttur med det populære fartøyet. Eller kanskje eit besøk til Ulvik og den einaste frukt- og siderruta i Noreg freistar? Eller vil du prøva ein RIB-tur inn spektakulære Fyksesund og gardsbesøk på Steinstø fruktgard? Alternativa er mange, og du kjem ikkje til å verta skuffa.

Som Olav Bleie i Alde, mannen bak den mest selde sideren i Noreg, seier sjølv:

– Når folk får augo opp for dette her, er det ikkje nok epletre i Hardanger.

Opplev sider frå Hardanger og lær meir om produksjon, kultur og historie.