Haustferie i Eidfjord

Kjeåsen av twintheworld 2 web
Vøringsfossen av Simon Sjøkvist 2
Hardangervidda haust 22 av Heidi Kvamsdal
Haust 2013 2 av Marit Stadheim
Eidfjord oktober 23 av Heidi Kvamsdal 2

Hausten i Eidfjord og på Hardangervidda er ei vakker tid. Dette er i grunn den finaste tida for fotturar på Hardangervidda, som viser seg fram i sine finaste fargar, før snøen kjem og skisesongen startar.

rose

I Eidfjord har me haustaktivitetar for både barnefamiliar, den aktive og turglade, den godt vaksne og dei kulturinteresserte. Her kan ein ta med barna på kortare og lengre fotturar, gjerne med innlagt pause i ein av gapahukane og grillplassane i området. Fiske i fjorden er gratis heile året. Om veret ikkje viser seg frå si beste side har me også innandørsaktivitetar som Norsk Natursenter, Vikingutstillinga på Tunet på Haugen og Trebua. Om du ynskjer aktivitetar på fjorden kan du til dømes bestille ein RIB-tur med Hardanger Fjordsafari eller guida kajakktur med Best Adventures (må bestillast i forkant), du kan også ta eit minicruise på fjorden med hurtigåt på ettermiddagane.

rose

Rundtur ved Vøringsfossen, inkludert både gamlebrua og den nye, spektakulære trappebrua.

rose

Ta turen opp til fjellgarden Kjeåsen, der "ingen kunne tru at nokon kunne bu". Her får du den beste fjordutsikta i Eidfjord. Hvis du vil brenne av litt energi kan du gå opp den bratte stien, der du har flott utsikt heile vegen. Om du er litt meir bedageleg anlagt kan du heller køyre opp for å nyte utsikta, ta gjerne med litt mat, her kan du ha "picnic with a view" nede på kanten over fjorden. P.g.a. smal veg er det innført timekøyring. Trafikk opp til Kjeåsen kvar heile time, trafikk ned frå Kjeåsen kvar halve time.

rose

Norsk Natursenter Hardanger er eit moderne natur- og kulturhistorisk opplevingssenter for heile familien, lokalisert i Øvre Eidfjord. Her finn du tre etasjar med engasjerande utstillingar om norsk natur, klima og miljø, og en moderne kinosal der den spektakulære panoramafilmen «Fjord Fjell Foss» visast. Norsk Natursenter er også offisielt besøkssenter for Hardangervidda Nasjonalpark.

rose

Best Adventures tilbyr guida fjordkajakk-turar på forespørsel i oktober.

rose

Du kan reise på rib-safari med Hardanger Fjordsafari, på bestilling, minimum 7 personar

rose

Vikingutstillingen på Tunet på Haugen tilbyr omvisningar på forespørsel fram til 18.10, dei er også opne på dagar med cruise anløp.

rose

Me har syklar og el-syklar til utleige på Turistkontoret, så lenge vêr og føre tillet det.

rose

Minicruise på fjorden (retur med buss)

rose

I Eidfjord finn du ei rekke ulike spisestader og overnattingsalternativ, ta direkte kontakt med overnattingsbedriftene for å bestille. Her er oversikt over bedriftene https://www.hardangerfjord.com...

Du finn meir informasjon om fotturar på Hardangervidda og fleire opplevingar i Eidfjord under "fleire opplevingar" her på nettsida.

Me håpar å sjå deg i Eidfjord i haustferien, velkomen til oss!

Sjå alle

Fleire reisetips