Derfor bør du besøka Hardanger i haust

VB02060
Trolltunga 2

Hausten i Hardanger må opplevast! Med flotte fargar, fine turmogelegheiter og vakkert fjordlandskap, får du heile regionen for deg sjølv. Har du ei ledig helg eller nokre dagar fri, er dette regionen å besøka.

rose

Om du vil ha ein pause frå kvardagen, ein romantisk weekend eller berre unna deg ei kjekk helg, er det mange mogelegheiter. Kva med å senke deg ned i eit varmt hotellbasseng midt i Noregs største frukthage, omkransa av eit majestetisk fjordlandskap, eller å ta overnattinga til nye høgder i ei tretopphytte? Anten du dreg aleine, med vener, med partneren din eller med familien, er det som balsam for sjela der du heng høgt eller lågt, i tretoppane eller ved fjordkanten – tett på naturen, med ro og nydelig utsikt.

MG 3479 Edit
rose

Frå late dagar ved fjorden kan du og bli med på raske dagar på fjorden med ein av dei fleire RIB-aktørane. Med alt frå fossefallsafari i Botnen til cruising på fjorden, er det opp til deg kva tur og tempo du ynskjer. RIB-turen kan og kombinerast med ein sidersafari kor gardsbesøk, lokalmat og sidersmaking står for tur. Med høgsesong for eple og hundretusener av frukttre, er dette ein særs kjekk måte å prøva på Sider frå Hardanger. Smak deg fram og la sansane dine bestemma kva sider du likar best.

Hardanger Fjordsafari 3 av Lars Inge Thorset
rose

Best om hausten er også fotturane. Mellom skog, høgfjell og frodige frukthagar er mellom anna Dronningstien særs vakker å gå i desse dagar. Med nydelig utsikt til Sørfjorden langs heile ruta får du verkeleg oppleva kontrastane i Hardanger-naturen på nært hald.

rose

Ein kort køyretur unna Dronningstien finn du og startpunktet til Trolltunga, den mest spektakulære fjellformasjonen i Noreg. Frå 1. oktober er den nybakte Nasjonale Tursitstien kun tilgjengeleg med guide, og dei guida turane med Trolltunga Adventures og Trolltunga Active leverar som alltid. Fritt for kø og turistar, blant skjulte perler og naturskjøne omgjevnader får du oppleva det tungeforma steinplatået 700 meter over Ringedalsvatnet. Det beste måten å oppleva den på er å ta turen medan dei fleste turistane har returnert til sivilisasjonen.

rose

Om du heller ynskjer noko litt enklare og lett tilgjengeleg er Husedalen eit godt alternativ for dei som ikkje ynskjer å gå så alt for langt. Med gode mogelegheiter for både kortare og lengre turar, og med mykje vatn i elvene, er det tek naturen og fossane i Husedalen som tek pusten frå deg – ikkje turen i seg sjølv. Det same gjeld Vøringsfossen, Noregs mest kjende foss, kor du får kjenna naturkreftene på tett hald der fossen stupar 183 meter ned frå Hardangerviddaplatået i Eidfjord. Her kan du køyra bilen heilt opp til det nye utkikkspunktet ved Fossli Hotel, eit utkikkspunkt som og er tilgjengeleg med rullestol, og la deg bli bergtatt av fossen, vassmengdene og Måbødalen.

rose

Også tilgjengeleg med rullestol, dog med ein noko kraftig motor, er Bondhusvatnet nær Sundal i Kvinnherad. Det vakre brevatnet og dalføret er ein av dei mest populære turmåla i Hardanger. Bilete av det fotovennlege brevatnet dukkar opp stadig hyppare på sosiale medier, og det er ikkje utan grunn. Ta turen og sjå for deg sjølv.

rose

Haust i Hardanger. Som hand i hanske er det berre nokon ting som passar godt saman. Her finn du haustaktivitetar for både barnefamiliar, den aktive og turglade, den godt vaksne og dei kulturinteresserte. Med sine flotte fargar, fine turmogelegheiter, ein rekke aktivitetar og overnattingsplassar, høgsesong for frukt og Hardangersider, samt fjorden som snirlar seg gjennom regionen, er Hardanger plassen du bør besøka i haustmånadene.

Sjå alle

Fleire reisetips