Historiske målingar av djyphavstemperatur frå Statsraad Lehmkuhl

Feb
10

I august 2021 kasta Statsraad Lehmkuhl loss for jordomseglinga «One Ocean Expidition». Målet er å skape merksemd og dele kunnskap om havet si viktige rolle for ei berekraftig framtid i eit globalt perspektiv. Gjennom ...

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

I august 2021 kasta Statsraad Lehmkuhl loss for jordomseglinga «One Ocean Expidition». Målet er å skape merksemd og dele kunnskap om havet si viktige rolle for ei berekraftig framtid i eit globalt perspektiv. Gjennom forsking og teknologi skal det samlast inn meir kunnskap om korleis menneske påverkar havet.



Ein av personane som har hatt ei særskilt rolle om bord er Dr. Kerim Hestnes Nisancioglu, professor ved institutt for geofag ved Universitetet i Bergen. Som ein viktig del av undervisinga- og forskingsaktiviteten har han hatt feltarbeid samen med 25 studentar om bord. Her gjennomførte dei ein rekonstruksjon av dei originale vatnmålingane, som vart gjort på forskingstokta til HMS Challenger for 150 år sidan. Til dette prosjektet leverte reiparbanen på Hardanger fartøyvernsenter 1000 meter med hampetau, for å gjere vatnmålingane så historisk korrekte som mogleg og likt den prøve som vart teken på tidleg 1900-tal.



10. februar kl. 19.00 på Hardanger fartøyvernsenter skal me høyre Kerim fortelje om forskingsprosjektet og korleis det gjekk med vatnprøvane – kvifor vart dei tekne i første omgang? Kva kan dei fortelje oss? Kva skal dei brukast til? Og viktigast av alt – kan dei brukast til å seie noko om konsekvensar, årsaker og løysningar på klimautfordringane me har i dag?



Arrangementet vert gjennomført i tråd med gjeldande retningslinjer for smittevern.



Inngang kr 100,- (i døra)



Open kafé og museumsbutikk



Velkomen til oss!

Kart