Velkommen til Eidfjord og opplevingar du vil hugse. Anten du vil ha rolege, aktive eller spennande dagar - her finn du natur, kultur og eit rikt mangfald.
Her får du ekte matopplevingar blanda med kultur og tradisjonar, og gjestfrie menneske. Du vel sjølv om du vil ha eit aktivt friluftsliv med naturopplevingar ved fjorden eller i fjellet, det verkelege fjellfolket sitt rike. Ved fjorden kan du nyte sol, varme og badeliv.
Eidfjord er unik. Freistande. Her er det berre 30 minuttar frå vakre, varme Hardangerfjorden til villmarka i 1250 meters høgde på Hardangervidda. Her kjem du tett på naturen, kulturen og menneska. Ekte, friskt, mangfaldig og gavmildt frå naturens side. Difor ser vi spor etter menneske 4000 år tilbake og difor har Eidfjord og Vøringsfossen vore eit av Norges mest attraktive reisemål i over 100 år. Det er lett å la seg begeistre av Eidfjord og Hardangervidda. Her finst mulegheiter for store og små.
Fredag 19. juni kan du ta deg ein kveldstur frå Ulvik til Osa og tilbake med veteranbåten M/S Granvin. Turen startar kl. 17.30 frå hamna på Brakanes og returnerer kl. 20.00. Sal av lokalproduserte forfriskningar ombord. Billett kr 300,- kan kjøpast ombord.
Velkomen til Eidfjord Småbanecup 2026
Kl 13 og 14 Tur på fjorden med Gurine (Gratis) Kl 15.45 Musikk ved B-gjengen og opning av kafé Kl 16.00 Opning av basaren ved Anders Jordal Deretter går det slag i slag med åresal, lykkehjul, klatring i riggen, ans...
Mulegheitene er mange i Eidfjord om vinteren
Sysendalen og Hardangervidda er eit eldorado for skientusiastar og alle som er glade i fjellet. Kvista løyper er det mange av og ved påsketider er dei fleste hyttene inne på fjellet åpne for servering og overnatting.
Kva med ei langhelg i Eidfjord? Her er forslag til fleire dagar med opplevingar for barnefamiliar.
Kva med ei langhelg i Eidfjord? Her er forslag til fleire dagar med opplevingar for den godt vaksne.
Mest populære "Insta spots" i Eidfjord
Oppdag sjarmen til Eidfjord på ein regnværsdag mens du utforskar ei rekkje innandørs attraksjonar, nyter lokale delikatesser på koselege kafear, eller fordjuper deg i den rike kulturarven til Eidfjord