Ulvik kyrkje

Ulvik kyrkje

I hjartet av sentrum ligg Ulvik kyrkje - ei flott, tradisjonell korsforma kyrkje med rosemålt interiør av den lokale kunstnaren Lars Osa. Kyrkja byr på historiske verk frå lokal kristendom oppover åra, og er open for vitjing og omvising.

Om

Ulvik kyrkje vart vigsla i 1858 og er dekorert med flott, tradisjonell rosemåling av den lokale kunstnaren Lars Osa frå 1923. I kyrkja får du mellom anna sett ein kopi av ein av dei mest kjende måleria frå norsk middelalder, "Antemensalet", samd fleire andre tradisjonelle og historiske kristne verk. Kyrkja er open dagleg i hovudsesongen (21. juni - 16. august) mellom klokka 11 og 18. Elles kan opning bli tinga direkte hjå kyrkja. 

 

Ta kontakt med Ulvik turistkontor for meir informasjon og bestilling av omvising. 

 

Sesong

Kart