Hardangervidda nasjonalpark

Hardangervidda nasjonalpark

Hardangervidda nasjonalpark er den største nasjonalparken i Noreg. Dette høgfjellsområdet høver godt både for erfarne fjellfolk og for dei som ynskjer å prøve fjellferie for første gong.  

Om

Nasjonalparkområdet er godt tilrettelagt for turar sommar og vinter med merka løyper for dagsturar eller overnattingsturar. Du kan gå frå hytte til hytte, ligge i telt, ha base på ein campingplass eller på eit av hotella på fjellet eller ved fjorden.

Langs Rv 7 over Hardangervidda ligg Liseth Pensjonat og Hytter, Garen Camping, turisthyttene Dyranut Fjellstova, Dyranut Turisthytta og Halne Fjellstugu. Inne ved Tinnhølen ligg Trondsbu Turisthytte og nokre timars fottur frå bilvegen ligg turisthyttene Rauhelleren og Sandhaug inne i Hardangervidda nasjonalpark. Hjømaberget på toppen av Hjølmadalen i Øvre Eidfjord er eit godt utgangspunkt for fotturar inn Veigdalen der du finn Vivelid Fjellstova, Hedlo Turisthytte og Hadlaskard. Alle stadane er gode utgangspunkt for fjellturar, fisking og andre aktivitetar på Hardangervidda. Den siste skituren kan du vanlegvis gå i juni, og frå starten av juli er det klart for fotturar.

Detaljerte kart kan kjøpast på overnattingsstadane, lokale bokhandlarar, turistinformasjonar eller Den Norske Turistforening. www.turistforeningen.no Vil du lære meir om Hardangervidda kan du også besøkje Norsk Natursenter Hardanger som ligg i Øvre Eidfjord. Norsk Natursenter

Sesong

Kart