Velkommen til reiseruteplanleggeren. Du kan bruke dette verktøyet til å lage din egen reise, eller velge mellom et spennende utvalg av håndplukkede turer.
For å lage din egen reiserute, klikk for å legge til et produkt i reiseruten.
VØRINGSFOSSEN
Noregs mest kjende foss. Sjå store vassmengder stupe 182 m frå Hardangerviddaplatået ned i Måbødalen. Godt utsiktspunkt ved Fossli Hotel like ved Rv 7. Hotellet har ope ca. 20.05-15.09. På grunn av Sima Kraftverk er fossen regulert. Den har ei vassføring på 12m3 per sekund i perioden 01.06-15.09. Sti til foten av Vøringsfossen 1,5 t t/r. Parkering ved øverste opning av Måbøtunellen ved Rv 7. Nasjonale turistveger arbeider med anlegget på Vøringsfossen og heile prosjektet er ferdigstilt i 2023.
STEINSDALSFOSSEN
Ein av Noregs mest besøkte fossar. Steinsdalsfossen har eit fall på 50 m og er spesiell fordi du kan gå på baksida utan å verte våt. Fossen oppstod i 1699 som følgje av at elva endra løp. Det går sti frå parkeringsplassen og opp under fossen, ein fin liten spasertur. Langs Nasjonal turistveg Hardanger.
LÅTEFOSS
Tvillingfossen Låtefoss var eit ynda reisemål alt på 1800-talet. Fossen, med fallhøgde på 165 m, er lett tilgjengeleg ved Rv 13. Lyssett på kveldstid.
SKJERVSFOSSEN
Skjervsfossen ligg ved den gamle vegtraseen opp Skjervet, ein avstikkar frå Rv 13 mellom Granvin og Voss. Den består av to fossar tett etter kvarandre med eit fall på 150 m. Skjervsfossen er utbetra som del av Nasjonale turistveger prosjektet. Det er laga fleire naturvandringar i området rundt fossen og du kan gå inn til sjølve fossefallet. Fleire av stiane er universelt utforma og tilgjengelig for alle. I tillegg har Skjervsfossen fått større parkering og eit spenstig toalettbygg.
FIRE FANTASTISKE FOSSAR, HUSEDALEN
Naturen og fossane i Husedalen tek pusten frå dei fleste. Fire flotte fossar ligg tett etter kvarandre på turen frå Kinsarvik opp til Hardangervidda. Gangtid t/r frå parkeringsplassen til øvste fossen er 5-6 t. Området er lett tilgjengeleg og eit godt alternativ for kortare og lengre turar. Hardanger Fossasti er ein lettare tur som startar i Kinsarvik sentrum. Følg stien langs elva og bli opplyst av informasjonsplansjar undervegs. Kart kan kjøpast på turistinformasjonen i Kinsarvik.
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram