Sider frå Hardanger

Web 3 R4 A2967

Har du prøvd dei edle dråpane frå Hardanger? Velkomen til hjarte av norsk sider og frukt.

rose

Nokre ting berre passar ekstra godt saman. Slik er det med frukt og Hardanger, og det er ikkje tilfeldig at munkane byrja med fruktproduksjon i regionen på 1300-talet. Det unike klimaet langs Hardangerfjorden gjev optimale vilkår for å dyrka eple av særs høg kvalitet. Og når råvarene ikkje kan verta betre, ligg alt til rette for god sider og saft.

I generasjonar har dei berømte Hardanger-epla vorte pressa og prosessert til perfeksjon. Dei siste åra har dog populariteten, kvaliteten og standarden nådd heilt nye høgder. No kan Sider frå Hardanger skilta med fleire nasjonale og internasjonale prisar. På lik linje som Champagne, er «Sider frå Hardanger» ei geografisk beskytta nemning. Sideren, som er laga på eplejuice og gjæra på enten villgjær eller sjølve epleskalet, er karakterisert av ein lett, syrleg og aromatisk eplesmak.

Web Fotokred Utne Hotel
rose

La historia og smaken av dei unike epla følga deg gjennom dei mange sider-produsentane i regionen. Kva med å kombinera det beste frå to verdenar med sidersafari i Sørfjorden om bord sightseeing-fartøyet Vision of the fjords? Då får du oppleva skreddarsydde pakkar som inkluderer gardsbesøk, sidersmaking og båttur med det populære fartøyet. Eller kanskje eit besøk til Ulvik og den einaste frukt- og siderruta i Noreg freistar? Eller vil du prøva ein RIB-tur inn spektakulære Fyksesund og gardsbesøk på Steinstø fruktgard? Alternativa er mange, og du kjem ikkje til å verta skuffa.

Som Olav Bleie i Alde, mannen bak den mest selde sideren i Noreg, seier sjølv:

– Når folk får augo opp for dette her, er det ikkje nok epletre i Hardanger.

Opplev sider frå Hardanger og lær meir om produksjon, kultur og historie.

Prøv Sider frå Hardanger

Gardsbesøk og sidersmaking - Steinstø Fruktgard

Steinstø fruktgard har lang erfaring med å ta i mot gjestar og skreddarsyr opplegg med omvising i frukthagen og matopplevingar. Her kan du nyta lokale spesialitetar og smaka ulike sortar Hardanger Sider.

Aga Sideri

Aga Sideri ligg idyllisk ved Sørfjorden i Ullensvang. Her produserer dei Sider frå Hardanger som du kan smaka og kjøpa i samband med ei omvising og gardsbesøk på Aga.

Alde Sider

Omkransa av bratte fjell, Hardangerfjorden og Folgefonna, ligg Alde Sider idyllisk til på Bleie Gard i Sørfjorden. Saft- og siderprodusenten som i 2018 blei kåra til den beste i Noreg, sel dei edle dråpane frå både garden og Vinmonopolet.

Edel Sider, Åkre Gard

På vestsida av Sørfjorden i Ullensvang, ligg Åkre Gard optimalt plassert for produksjon av gode, tradisjonsrike Hardanger-eple. Her har dei dyrka frukt i heile åtte generasjonar, men dei siste åra har dei fokusert på ...

Frukt- og Siderruta, Ulvik

Frukt- og siderruta i Ulvik forbinder fruktgardane Ulvik Frukt & Cideri, Syse Gard og Hardanger Saft- og Siderfabrikk. Dette er ei lett spasertur frå Ulvik sentrum, og du kan besøkja gardane som ligg langs ruta. Gardane har utsal av produkta sine - inkludert sider.

Hardanger Cideri

Hardanger Cideri AS held til på Aga, ved riksveg 550, 17 km sør for Utne. Cideriet overtok lokala på Aga i 2015. Most-produsenten Innigo har sin produksjon under same tak. Bedriftene har no slått seg saman, og Hardang...

Hardanger Saft og Siderfabrikk

Fruktgarden inviterer inn på smakfulle skattar frå produksjonsrommet; mellom anna inviterer Hardanger Saft- og Siderfabrikk inn på smaking av sider, most, likør og brennevin av eple. Omvisingar for store og små grupper kan bestillast, og gardsbutikken bugnar av smakfulle delikatesser.

Hardangergutane

Omkransa av fjord, fonn og bratte fjell, finn du garden til Hardangergutane på Sekse i Sørfjorden. Ikkje langt derifrå, i det gamle fruktlageret på Børve, lagar dei eplemost og sider frå lokale kvalitetseple, mogna på...

Helleland Gard

Kjøp, smak og nyt eplemost & sider frå Hardanger hjå Helleland Gard på Lofthus. På garden kan du også booka deg sidersmaking med ost og spekemat.

RIB båt fjord safari med sidersmaking - Trolltunga Active

Opplev fjorden, fjella, Folgefonna, fossar, dyreliv og kulturen i Hardanger på ein guida RIB-tur med Trolltunga Active frå Odda. Kan kombinerast med sidersmaking for dei som ynskjer.

Sidercruise - Hardanger

Kombiner sidersmaking og ein båttur på fjorden saman med See the Fjords. Turane inkluderer sider frå Hardanger og gardsbesøk hjå ulike produsentar i regionen.

Sidersafari i Sørfjorden

Om sommaren går den populære hybridbåten "Vision of the Fjords" i rute på Sørfjorden, frå Odda og Lofthus til Aga. Du kan velja om du tar turen berre som sightseeing fjord cruise, eller om du vil leggja til ein eller fleire stopp med fruktgardbesøk og sidersmaking undervegs.

Spildegarden

I fire generasjonar har Spildegarden produsert smakfulle produkt i den idylliske fjordbygda Øystese. Det er ikkje utan grunn at dei vert kalla for sideri og eplemostspesialisten i Hardanger. Hos Jane og Geir Henning k...

Syse Gard

Syse Gard ligg langs frukt- og siderruta i Ulvik og er ein av dei tre besøksgardane. Syse Gard er ein tradisjonell vestnorsk gard med fruktdyrking og sauehald, og den er også eit Économusée.

Ulvik Frukt & Cideri

Ulvik Frukt & Cideri er den første garden på Noregs einaste frukt- og siderrrute, og byr på omvisingar og lokale smakar i form av eplesaft, sider og andre smakfulle gleder.

Fjord- og fruktsafari med RIB båt - Hardangerfjord Adventure

Fjordsafari med RIB, vandring i flotte frukthagar og smaking av eplemost & sider frå Hardanger! Opplev det beste frå to verder med Hardangerfjord Adventure.