Røldal - eit vinterparadis i Hardanger

8782619692 138308f46a k
23715135952 a288c8dceb k
48663521328 6cbfafae8a k
170781945 769130220402179 1528832505175952352 n

Røldal er kjend som Noregs mest snøsikre destinasjon, og her står ski- og vinteropplevingane i kø!

rose

Røldal er ei av få fjellbygder på vestlandet, og har vore eit viktig knutepunkt for tilreisande mellom aust- og vestlandet i fleire hundre år. Røldal er ein integrert del av Hardanger, og mange stoppar innom bygda når dei er på veg til eller frå fjordane i regionen. Det er vel verdt å leggje inn eit lengre stopp her for å oppleve alt det den snørike fjellbygda har å by på.

Røldal er spesielt kjend for dei store snømengdene som kjem kvar vinter, og skisenteret i bygda brukar ikkje slagordet "the deepest snow in Europe" utan grunn. Mesteparten av skisenteret ligg over tregrensa og byr på store frikøyringsområder i tillegg til 17 nedfartar i alle vanskegradar. Med andre ord er det noko for alle og einkvar. Det er og mogleg å leige utstyr hjå skisenteret dersom ein ikkje har dette sjølv.

rose

Den spreke bygda er vertskap for frikøyringskonkurransen Røldal Freeride Challenge kvar vår, og under konkurransen er det reine folkefesten i bygda. I tillegg er Hardangervidda og dei uendelege friluftsmoglegheitene i nasjonalparken lett tilgjengeleg frå bygda heile året.

Etter ein aktiv dag ute i frisk fjelluft er det godt at både Røldalsterrassen og Hordatun Hotel ligg rett ved skisenteret. Dei kan by på god stemning inne i varmen, lokale råvarer i restaurantane sine og komfortabel overnatting. Dessutan har dei fantastisk utsikt over Røldalsvatnet og fjella rundt.

Dersom du ikkje kan få nok av den friske fjellufta, kan Røldalsterrassen freiste med varmelampar ute på terrassen sin. Eller kanskje du føretrekk å få varmen i deg inne på afterskien deira, Skut Bar?

rose

Hordatun hotel byr på hotellrom og leiligheter, og ligg midt mellom Røldalsbygda og skisenteret. Her kan du nyta varmen frå peisen og den flotte utsikta over Røldalsvatnet.

I tillegg til ski- og vinteropplevingar kan Røldal skilta med spanande kulturhistorie. I mellomalderen var Røldal eit av Noreg sine mest kjende pilegrimsmål, og pilegrimsvandring til bygda er framleis populært i dag. Pilegrimane kjem blant anna for å sjå det undergjerande krusifikset i stavkyrkja som sveittar kvar jonsoknatt. Sjølv om eit vinterbesøk ikkje fell saman med jonsok, er den vakre kyrkja frå år 1250 vel verdt eit besøk. Om vinteren blir det køyrd opp ei rundløype i sentrum av Røldal som blant anna tar deg med forbi kyrkja.

Om du vil leggje turen til ein snøsikker destinasjon i vinter er fjellbygda Røldal staden. Her får du den djupaste snøen i Europa, frikøyring over tregrensa, stemningsfulle overnattings- og eteplassar, makalaus utsikt og kulturhistorie i ei og same bygd. I Røldal er det med andre ord mykje å oppdage for både store og små!

Kjekke opplevingar i Røldal

Sjå alle

Fleire reisetips