Dette har aldri skjedd på Trolltunga før

Web Trolltunga Bergen Edit 2

Trolltunga er no autorisert som Nasjonal Turiststi. Ikkje nok med det – I sommar kan du også gifta deg på det eventyrlege turmålet.

rose

At Trolltunga er blant dei mest spektakulære turmåla i Noreg, har vore kjent i ei årrekkje. Sommaren 2021 vart det så offisielt som ein får det. Då vart nemleg Trolltunga 1 av 4 Nasjonale Turiststiar i Noreg! Det er ein autorisasjon Miljødirektoratet ikkje gjev til kven som helst, men til stiar og turmål som er gode eksempel i eit berekraftig norsk reiseliv med svært stor attraksjonskraft og opplevelsesverdi. Eller som direktoratet seier det sjølv;

– Det er eit utval av stiar og turmål som gjennom langsiktig og heilheitleg planlegging, tålar meget høgt besøk utan at natur-, kultur- og opplevingskvalitetane minkar og kor det store besøket også bidrar til lokal verdiskaping, skriv dei på sidene sine.

Dette er med andre ord ei stor anerkjenning til Trolltunga og dei som har jobba med å bygga opp og utvikla turmålet i alle år!

Reisa har vore minst like eventyrleg som fjellformasjonen. Det som byrja med eit «heilt vanleg» fjellplatå over Ringedalsvatnet, har utvikla seg til å verta ein destinasjon folk vitjar frå alle deler av verda – året rundt. Det er lett å forstå når du klatrar himmelstigen opp med Trolltunga Active, eller nyt utsikta og lokale delikatesser frå toppen med guidane til Trolltunga Adventures. Alternativa er mange, og Trolltunga er no tilgjengeleg heile året med guide.

Trolltunga sunrise sunset
rose

Og når ein ikkje trudde at Trolltunga kunne verta vakrare, har ordføraren i Ullensvang opna for at ein kan gifta seg på den spektakulære fjellformasjonen. Laurdag 14. august skal fleire brurepar via sin kjærleik til kvarandre på det tungeforma steinplatået 700 meter over Ringedalsvatnet.

Kva med å oppleva den ferskaste Nasjonale Turiststien i Noreg denne sommaren eller hausten? Du kjem verkeleg ikkje til å angra!

Opplev Trolltunga

Trolltunga

Trolltunga er den mest spektakulære fjellformasjonen i Noreg. Den ligg 1180 moh, om lag 700 meter over Ringedalsvatnet. Her er det fantastisk og luftig utsikt. Turen til Trolltunga startar i Skjeggedal og går i høgfjellet.

Trolltunga Vinter - Trolltunga Active

Unngå køane, ta på deg trugene og bli med på eit vintereventyr til Trolltunga med guide. Ein unik overnattingstur i Hardanger med Trolltunga Active.

Trolltunga Via Ferrata - Trolltunga Active

Opplev den adrenalin-fylte ruta til Trolltunga med ein guida via ferrata-tur med Trolltunga Active. Perfekt for dei som vil ha eit litt annleis eventyr til Noregs mest spektakulære fjellformasjon.

Villmarksoppleving - Trolltunga Adventures

Villmarktur på Hardangervidda, med unik oppleving av fjellformasjonen Trolltunga. På denne turen kjem du tett på urørt natur, med god tid til kjenne på roen og å ta inn inntrykka.

Trolltunga Winter Sunset

Bli med Trolltunga Active og dei røynde guidane deira på eit ferdigpakka vintereventyr til Trolltunga. Pakken, som går frå fredag til søndag, inkluderer også trerettars middag og tre glas sider frå Hardanger på Trolltunga Hotel.

Trolltunga Sunset/Sunrise

Med Trolltunga Active er det fleire mogelegheita til å oppleva Trolltunga nær Odda. Ei mogelegheit som gir deg god tid til å oppleva den spektakulære fjellformasjonen både ved solnedgang og soloppgang er Trolltunga Sunset/Sunrise turen. Her overnattar du i glamping Dome med gjennomsiktig tak og komfortable fasilitetar.

Guida overnattingstur til Trolltunga - Trolltunga Adventures

Opplev Trolltunga ved solnedgang og soloppgang. Guidane i Trolltunga Adventures legg til rette for ein fantastisk overnattingstur, der alt utstyr og mat inkludert i prisen.

Trolltunga & andre fjelltoppar i Hardanger

Bli med Trolltunga Active og dei røynde guidane deira på eit ferdigpakka vintereventyr til Trolltunga og andre spektakulære fjelltoppar i regionen

Tyssedal Via Ferrata - Trolltunga Active

Visste du at nesten all straum i Noreg er produsert av vasskraft? Opplev korleis det heile starta på ein guida Via Ferrata-tur med Trolltunga Active i Tyssedal.

RIB båt fjord safari med sidersmaking - Trolltunga Active

Opplev fjorden, fjella, Folgefonna, fossar, dyreliv og kulturen i Hardanger på ein guida RIB-tur med Trolltunga Active frå Odda. Kan kombinerast med sidersmaking for dei som ynskjer.

Winter Adrenaline for ekspertar

Ta på deg skia og utforsk freeride-eldoradoet Røldal saman med Trolltunga Active. Denne ferdigpakka vinteropplevinga passar perfekt for erfarne skikøyrarar som søkjer gjeve adrenalin-opplevingar. Pakken, som går frå fredag til søndag, inkluderer også topptur / fjelltur til andre spektakulære fjelltoppar i Hardanger – som Oksen og Melderskin.

Winter Adrenaline for nybegynnarar

Ta med vener, kollegaer og/eller partnaren din på ei spektakulær oppleving i Hardanger! Bli med Trolltunga Active og dei røynde guidane deira på eit ferdigpakka vintereventyr til Røldal og andre fjelltoppar i regionen. Pakken, som går frå fredag til søndag, inkluderer også trerettars middag og tre glas sider frå Hardanger på Trolltunga Hotel.