Ferieforslag i og rundt Rosendal

Rosendal x Yrjan Olsnes 8030
Rosendal x Yrjan Olsnes 05180

Historiske slott, majestetiske fjell og dramatisk landskap med store kontrastar. I og rundt Rosendal finn du noko av det flottaste Hardangerregionen har å by på.

rose

I turistkommunen Kvinnherad, kor Rosendal ligg som ei perle i sentrum, som tek deg frå havgapet og inn i Hardangerfjorden, er kontrastane store. Kom tett på denne makelause naturen og opplev reisa frå hav til fjord om bord Rødne si båtrute mellom Bergen og Rosendal. Det opne og dramatiske kystlandskapet vert erstatta med høgreiste fjell innover fjorden. Rosendalsalpane, med Melderskin, Gygrastolen og Ulvanosa i spissen, skil seg ut som dei mest spektakulære toppane.

Bondhusvatnet og Bondhusbrea i Sundal er også av det spektakulære slaget, og det er flotte turstiar både her og andre plassar i kommunen. Uansett om du vil gå langt eller kort, er alternativa mange i og rundt Rosendal. Vil du utforska på sykkel eller ta ein båttur på Myrdalsvatnet, kan du leiga dette på turistkontoret i Rosendal.

rose

Skal du verkeleg ha mest mogleg igjen for besøket, vil me anbefala å gå med guide. Folgefonni Breførarlag og guidane deira står klare til å losa dykk gjennom den mektige naturen i området. Kva med ein kajakktur på isbrevatn med flytande isfjell?

rose

Du kan heller ikkje unngå å ta turen innom Baroniet Rosendal. Slottet frå 1665 er kjent for sin vakre landskapspark og rike kulturprogram med større og mindre konsertar. Eit besøk på Baroniet Rosendal høver seg også svært godt for dei som også berre vil ta seg ein liten matbit i flotte og staselege omgjevnader. Og når me fyrst er inne på mat; sjekk ut Elins Matgleder i Rosendal. Ho diskar opp rettar som freistar dei fleste frå restauranten og kafeen hennar i sentrum. Der kan du også kjøpa med deg eigenproduserte delikatesser som saft og syltetøy.

rose

Apropos historiske bygg. Halsnøy Kloster frå 1100-talet er vanskeleg å koma utanom. Det tradisjonsrike området ligg vakkert til ved munninga av Hardangerfjorden og er eit av fleire tun i Sunnhordland museum sine samlingar.

Eit anna tun du bør vitja, er Guddalstunet. Der finn du Galleri G. Guddal med kunstgalleri, overnatting og servering. Galleriet, som blei tildelt Olavsrosa i 1993, tilbyr eit variert program med både etablerte og uetablerte kunstnarar.

Galleri Guddal med personar
rose

Er du usikker på kva du skal finna på? Då vil me anbefala å ta turen innom turistinformasjonen i Rosendal. I same bygg finn du også Folgefonnsenteret. Der lærer du mellom anna om Folgefonna Nasjonalpark, livet i Hardangerfjorden, vatnet sin syklus og klimaendringar gjennom spanande og interaktive utstillingar. Både Folgefonnsenteret og Steinparken, som har skulpturar og dinosaur-hus i gangavstand frå Rosendal, er perfekt for småbarnsfamiliar!

rose

I og rundt Rosendal finn du også ei rekke ulike overnattingsalternativ. Alt frå flotte og moderne fjordhotell til tradisjonsrike aktørar med fokus på miljø og bærekraft. Sjå her for full oversikt!

Velkomen til Rosendal og Kvinnherad – eit Noreg i miniatyr!

Opplevingar og overnatting i Kvinnherad

Baroniet Rosendal
Attraksjoner

Baroniet Rosendal

Baroniet Rosendal er det einaste baroniet i Noreg og Skandinavias minste slott. Baroniet ligg sentralt i Rosendal og er kjent for sitt rike kulturprogram og sin rosehage.

Bondhusvatnet
Attraksjoner

Bondhusvatnet

Bondhusvatnet nær Sundal i Kvinnherad kommune er eit ynda turmål og turen til brevatnet er blant dei mest populære fotturane i Hardanger regionen. Turen er lett og kort, og du kan gå den nærmast heile året.

Glacier Kayak -Folgefonni Breførarlag
Aktiviteter

Glacier Kayak -Folgefonni Breførarlag

Ein unik padletur mellom isfjell og mektig natur inn til Folgefonna isbre. Bli med på brekajakk og opplev isbreen det krystallklare på tett hald.

Folgefonnsenteret
Attraksjoner

Folgefonnsenteret

Folgefonnsenteret er tilknytt Folgefonna Nasjonalpark og inneheld moderne, interaktive utstillingar med tema som geologi, klima, vatnet sin syklus og livet i Hardangerfjorden. Folgefonnsenteret er lett tilgjengeleg med ekspressbåt frå Bergen.

Galleri G Guddal
Attraksjoner

Galleri G Guddal

I det vakre Guddalstunet 5 km frå Rosendal sentrum er det kunstgalleri, overnatting og servering. Garden har ei rik historie og blei i 1993 tildelt Olavsrosa. Gøril Guddal starta Galleri G Guddal i 1993, og i 2014 fly...

Furebergsfossen
Attraksjoner

Furebergsfossen

Furebergfossen ligg langs Rv 551 mellom Årsnes og Sunndal, ved munningen av Maurangerfjorden som er ein arm av Hardangerfjorden. Det mektige fossefallet føl fjellsida nedover og har eit fritt fall på 20 m. Du kjem tet...

Steinparken i Rosendal
Attraksjoner

Steinparken i Rosendal

Steinparken ligg sentralt i Rosendal og er eit av besøksmåla til Folgefonna Nasjonalpark. I parken er det ei samling av forskjellige steinarter frå regionen og utstillingar med prehistorisk tema.

Halsnøy kloster
Attraksjoner

Halsnøy kloster

Kjenn på historia og ta turen innom Halsnøy Kloster. På det historiske området, som går tilbake til år 1163, er det omvisningar, utstillingar, føredrag og konsertar gjennom året.

Kvinnherad Kyrkje
Attraksjoner

Kvinnherad Kyrkje

Kvinnherad kyrkje vert kalla Kvinnheradskatedralen då mange meiner ho er ei av dei vakraste middelalderkyrkjene i Noreg. Ho er bygd i stein kring 1250 og har vore ei av fire hovudkyrkjer i Hordaland. Dette syner at Ro...

Sundal Camping
Overnatting

Sundal Camping

Sundal Camping er omgitt av det vakre landskapet i Maurangerfjorden, ein arm av Hardangerfjorden. Campingplassen ligg ved fjordkanten sentralt i Sunndal, med utsikt mot Bondhusbreen, Bondhusdalen og fjorden. Sundal Ca...

Tursti til Malmangernuten frå Rosendal
Aktiviteter

Tursti til Malmangernuten frå Rosendal

Turen til Malmangernuten, som tar omlag 4 timar totalt, kan startast frå Rosendal Fjordhotel i Rosendal sentrum. Toppen ligg på 890 meter og her har du flott utsyn over Rosendal og nabobygdene samt Hardangerfjorden.

Tur på Postvegen
Aktiviteter

Tur på Postvegen

Stad: Husnes, Valen, Handeland Omtale På Husnes går ein frå Statoil langs Opsangervatnet mot lysskulpturen "Samspel". Stien tar av til høgre litt lengre oppe. Ein kan og starta frå Spar Valen eller frå Handeland ...

Tursti til Borgundnuten
Aktiviteter

Tursti til Borgundnuten

Stad Sjøstovo ved ferjekaien på Borgundøy Turomtale Frå Sjøstovo gå vegen oppover mot Brekke skule og vegkrysset på høgste punktet. Ta skogsvegen til høgre rett før krysset. Følg denne 300 meter fram til P-plass,...

Tursti til Bremstølen
Aktiviteter

Tursti til Bremstølen

Stad Husnes Turomtale Følg skogsvegen 1 km til skarp venstresving. Herfrå på sti gjennom skogsområde til Bremstølen. Flott utsikt over Husnes med Opsangervatnet, Halsnøy, Tysnes, Stord og Sveio. Turkart Folg...

Tursti til Hattebergsdalen
Aktiviteter

Tursti til Hattebergsdalen

Stad Rosendal Turomtale Oppleving i nærkontakt med elvar, frodige lier og høge fjell. Ein tur for både dei yngste og dei eldste - i fri leik, samtale og meditasjon. Turkart Folgefonna nasjonalpark. Rosendal ...

Tursti til Kviteggjo
Aktiviteter

Tursti til Kviteggjo

Stad Omvikdalen Turomtale Frå P-plassen fin oppstigning til enden av skogsvegen der terrenget flatar av ca 600 moh. Herfrå skilta og T-merka sti i nordleg lei, først over lita bru og vidare over høgda 660 moh. og...

Tursti til Malmangernuten frå Hattebergsdalen
Aktiviteter

Tursti til Malmangernuten frå Hattebergsdalen

Opplev Hattebergsdalen og Malmangernuten i Rosendal!

Tursti til Melderskin
Aktiviteter

Tursti til Melderskin

Turen til Melderskin startar frå Rosendal sentrum i Kvinnherad. Turen opp tar ca. 4 timar, og frå den 1426 meter høge toppen har du storslått utsikt over havet, fjorden, fjellandskapet og delar av Folgefonna.

Tursti til Mjelkhaug frå Husnes
Aktiviteter

Tursti til Mjelkhaug frå Husnes

Stad Husnes Turomtale Følg stien til venstre (nordaust) frå parkeringsplassen. Etter kvart bratt opp Onarheimslia til 600 moh. der lendet flatar ut før bratt opp til Mjelkhaug. Utsikt over store deler av Sunnhord...

Tursti til Skålafjell (Navarhaug)
Aktiviteter

Tursti til Skålafjell (Navarhaug)

Stad Rosendal. Turomtale  Frå P-plassen ved kyrkja 500 m til Bjørke. Grusveg utan merking 1,5 km til Åsvodl der vegen flatar ut. Skilt her viser til T-merking. Først skogsveg 300 meter og deretter sti opp lia til...

Placeholder
Aktiviteter

Tursti til Skålafjell

Parkering, start- og sluttpunkt: Kvinnherad kyrkje. Merking: Skilt til Kvinnherad kyrkje frå kaiområdet i Rosendal. Skiltsøyle ved kyrkja. Frå P-plassen 500 meter til Bjørke, der informasjonstavle er oppsett ved ...

Tursti til Svelgabreen
Aktiviteter

Tursti til Svelgabreen

Turen langs Blåelva er ei vandring i mektig fjell- og vassdragsnatur. Gjennom irrgrøne beiteområde, langs sandbankar og blankskurt berg, før vi etter kvart møter den majestetiske isveggen. Gjennom store breportar fløymer vatnet ut, til nytte for eit energikrevjande storsamfunn.

Tursti til Ulvanosa, Geitadalstinden og Høgetinden frå Uskedalen
Aktiviteter

Tursti til Ulvanosa, Geitadalstinden og Høgetinden frå Uskedalen

Stad Uskedalen Turomtale Ein går over brua og følgjer skogsvegen til venstre. Etter vel ein km kjem ein fram til Uskedalen elveeigarlag sin kalkestasjon. Herfrå går det sti oppover Galtaryggen. Dette var tidlegar...

Tursti til Vardhaugselet frå Valen
Aktiviteter

Tursti til Vardhaugselet frå Valen

Stad Valen Turomtale Følg skogsvegen opp lia frå Søsterheimen 200 m til vegdele. Derfrå kan ein gå til Vardhaugselet via Nordfjell eller Olderbotn. Ruta via Nordfjell går opp skogsvegen til venstre, som etter 1 ...

Sjå alle

Fleire reisetips