Det mest populære i Hardanger denne sommaren

Dms 1240x711 DSC05627

Hardanger-regionen har «aldri» vore meir i vinden enn no. Her er favorittane til alle som var i Hardanger på norgesferie i år.

rose

Hardanger, med alle sine makalause opplevingar, er ein region som har det meste og passar for dei fleste. Barne- og familieferie, norgesferie med kjærasten, eller roadtrip på Vestlandet. Det speler ingen rolle – det er ikkje få som har vore i Hardanger på ferie i sommar. Dette er dei mest populære høgdepunkta i Hardanger så langt i år (rekkefylgja er tilfeldig).

rose

Dronningstien - H.M. Dronning Sonjas panoramatur, også kjent som Dronningstien i Hardanger, er blant dei desidert mest populære og vakraste fotturane i Noreg. Med nydeleg utsikt til Sørfjorden, isbreen Folgefonna og andre perler i Hardanger langs heile turen, er det lett å forstå kvifor dette er ein av H.M. Dronning Sonja sine favorittar. Sesong: Juli – midten av september – det kjem litt an på snømengda.

rose

Sider frå Hardanger har eksplodert i popularitet dei siste åra. Stadig fleire har fått augo opp for det prisvinnande produktet, og no kan du kombinera det beste frå to verdenar med sidersafari i Sørfjorden. Det er den populære hybridbåten «Vision of the Fjords» som tilbyr turar som inkluderer gardsbesøk, sidersmaking og båttur på fjorden. Tilgjengeleg fram til 01. september!

rose

Trolltunga, blant dei største fyrtårna i Hardanger, er kanskje den mest spektakulære fjellformasjonen i Noreg. Det som byrja med eit «heilt vanleg» fjellplatå over Ringedalsvatnet, har utvikla seg til å verta ein destinasjon folk vitjar frå alle deler av verda – året rundt. Det er lett å forstå når du klatrar via ferrata med Trolltunga Active, eller nyt utsikta frå toppen med guidane til Trolltunga Adventures. Alternativa er mange, og Trolltunga er no tilgjengeleg heile året med guide.

rose

Visste du at fleire av Norges mest spektakulære fossar ligg i Hardanger-regionen? Dei mest kjende er Steinsdalsfossen, Låtefoss og Vøringsfossen. Sistnemnde er den mest kjende, og i fjor kom det ei ny bru som gjer at du kan gå over Vøringsfossen! Dersom du verkeleg ynskjer å koma tett på, anbefalar me å gå fotturen inn frå nedsida. Opplevinga er vanskeleg å skildra med ord.

rose

Kvinnherad er velsigna med slåande vakre fotospots. Har du vore på Instagram dei siste åra, har du heilt sikkert sett bilete av Bondhusvatnet. Fargane i vatnet, det unike landskapet og brearmen i bakgrunnen gjer at Bondhusdalen siglar fram som blant dei aller vakraste dalføra i Noreg. Du kjem til å skjøna det sjølv når du står der!

Ein kjem heller ikkje utanom Fjellhaugvatn - ein Instagram-spot av episke dimensjonar. Populariteten har skote til værs etter at Helene Myhre (helenemoo på Instagram) delte det med fylgjarane sine.

Treng du fleire tips til kjekke opplevingar i Hardanger? I topplista under finn du alle dei mest populære og besøkte turane, attraksjonane og aktivitetane i regionen sommaren 2021. Take your pick!

Populære opplevingar i Hardanger

Bondhusvatnet

Bondhusvatnet nær Sundal i Kvinnherad kommune er eit ynda turmål og turen til brevatnet er blant dei mest populære fotturane i Hardanger regionen. Turen er lett og kort, og du kan gå den nærmast heile året.

Dronningstien - H.M. Dronning Sonjas panoramatur

H.M. Dronning Sonjas panoramatur, betre kjent som Dronningstien i Hardanger, er blant dei mest populære turane i Noreg. Med nydeleg utsikt langs heile vegen, er det lett å forstå kvifor dette er blant favoritturane til H.M. Dronning Sonja.

Fire fantastiske Fossar, Husedalen

Naturen og fossane i Husedalen tek pusten frå dei fleste. Fire flotte fossar ligg tett etter kvarandre på turen frå Kinsarvik opp til Hardangervidda. Gangtid t/r frå parkeringsplassen til øvste fossen er 5-6 t. Område...

Fonna1199 - Folgefonna Velkomstsenter

Opplev reiselivsikonet Fonna1199 på toppen av isbreen Folgefonna! Det nye velkomstsenteret, med si unike arkitektoniske utforming, ligg berre eit steinkast unna sjølve isbreen.

Fottur til Vøringsfossen

Opplev Vøringsfossen på nært hald. Sjå fossen stupe ned frå Hardangerviddaplatået. Kjenn vannspruten i ansiktet. Dette er ein spektakulær tur gjennom vilt landskap.

Frukt- og Siderruta, Ulvik

Frukt- og siderruta i Ulvik forbinder fruktgardane Ulvik Frukt & Cideri, Syse Gard og Hardanger Saft- og Siderfabrikk. Dette er ei lett spasertur frå Ulvik sentrum, og du kan besøkja gardane som ligg langs ruta. Gardane har utsal av produkta sine - inkludert sider.

Guida overnattingstur til Trolltunga - Trolltunga Adventures

Opplev Trolltunga ved solnedgang og soloppgang. Guidane i Trolltunga Adventures legg til rette for ein fantastisk overnattingstur, der alt utstyr og mat inkludert i prisen.

Kjeåsen i Eidfjord

Høgt over fjorden, i 600 meters høgd, ligg dei to bruka på Kjeåsen. Du kan både køyre og gå opp for å nyte den spektakulære utsikta. NB! Periodevis stengt veg i perioden 9. august - november, les meir.

Låtefoss

Låtefoss i Oddadalen har ei fallhøgde på 165 meter og har vore eit ynda reisemål heilt sida 1800-talet. Han er lett tilgjengeleg - rett ved hovudvegen 13 mellom Odda og Røldal.

Mikkelparken

I Mikkelparken familiepark er det mykje moro for barn mellom 1-10 år! Familieparken ligg i Kinsarvik mellom fjord og fjell. I Mikkelparken er eit spennande område for leik i vatn med tre basseng, vatnsklier, vatnkanon...

Norsk Natursenter - Hardanger

Norsk Natursenter Hardanger er eit moderne natur- og kulturhistorisk opplevingssenter lokalisert i Øvre Eidfjord. Her finner du tre etasjar med engasjerande utstillingar om norsk natur, klima og miljø, og en moderne kinosal der den spektakulære panoramafilmen «Fjord Fjell Foss» visast. Norsk Natursenter er også offisielt besøkssenter for Hardangervidda Nasjonalpark.

Oksen

Sjå kor Hardangerfjorden delar seg i Eidfjorden og Ulvikafjorden frå toppen av Oksen, med eit fantastisk utsiktspunkt over Hardangerbrua. Turen på 4-6 timar er krevjande men vèl verdt turen opp til fjelltoppen.

Sidersafari i Sørfjorden

Om sommaren går den populære hybridbåten "Vision of the Fjords" i rute på Sørfjorden, frå Odda og Lofthus til Aga. Du kan velja om du tar turen berre som sightseeing fjord cruise, eller om du vil leggja til ein eller fleire stopp med fruktgardbesøk og sidersmaking undervegs.

Steinsdalsfossen

Ein av Noregs mest besøkte fossar. Steinsdalsfossen har eit fall på 50 m og er spesiell fordi du kan gå på baksida utan å verte våt. Fossen oppstod i 1699 som følgje av at elva endra løp. Det går sti frå parkeringspla...

Trolltunga

Trolltunga er den mest spektakulære fjellformasjonen i Noreg. Den ligg 1180 moh, om lag 700 meter over Ringedalsvatnet. Her er det fantastisk og luftig utsikt. Turen til Trolltunga startar i Skjeggedal og går i høgfjellet.

Trolltunga Sunset/Sunrise

Med Trolltunga Active er det fleire mogelegheita til å oppleva Trolltunga nær Odda. Ei mogelegheit som gir deg god tid til å oppleva den spektakulære fjellformasjonen både ved solnedgang og soloppgang er Trolltunga Sunset/Sunrise turen. Her overnattar du i glamping Dome med gjennomsiktig tak og komfortable fasilitetar.

Trolltunga Via Ferrata - Trolltunga Active

Opplev den adrenalin-fylte ruta til Trolltunga med ein guida via ferrata-tur med Trolltunga Active. Perfekt for dei som vil ha eit litt annleis eventyr til Noregs mest spektakulære fjellformasjon.

Tyssedal Via Ferrata - Trolltunga Active

Visste du at nesten all straum i Noreg er produsert av vasskraft? Opplev korleis det heile starta på ein guida Via Ferrata-tur med Trolltunga Active i Tyssedal.

Villmarksoppleving - Trolltunga Adventures

Villmarktur på Hardangervidda, med unik oppleving av fjellformasjonen Trolltunga. På denne turen kjem du tett på urørt natur, med god tid til kjenne på roen og å ta inn inntrykka.

Vøringsfossen

Opplev Vøringsfossen - den mest kjende i heile Noreg! Sjå store vassmengder stupa ned i Måbødalen frå spektakulære utsiktspunkt ved Fossli Hotel, eller gå over sjølve fossen frå den nye gangbrua.

Blåistur Blue Ice Hike -Folgefonni Breførarlag

Opplev blåis på Folgefonna! Folgefonni Breførarlag tar deg med til Juklavassbreen, ein bretur med panoramautsikt over fjord og fjell. På denne brearmen er det både spennande bresprekker og flat is.