Tips til familieferien i Hardanger

Mikkel mikkeline tog
DSC00626

Ta med barna og legg norgesferien til Hardanger! Her i regionen finn du ei rekke spanande og barnevennlige opplevingar som passar for heile familien.

rose

Skal du på norgesferie med barn? Den kontrastfylte naturen på Vestlandet og i Hardanger gjev gode rammer for ein kjekk og minnerik tur for absolutt alle. Her finn du et stort utval av morosame og begeistrande opplevingar – alt frå badeland og familieparkar til interaktive utstillingar og gardsbesøk.

Hels på Mikkel, Mikkeline og venene deira i Mikkelparken! Familieparken i Kinsarvik er perfekt for born mellom 1-10 år.

rose

Kom tett på og lær meir om den unike naturen vår på Norsk Natursenter - Hardanger og Folgefonnsenteret. Eller kanskje du vil vera med å mata fiskane på Hardanger Akvasenter eller i Gullfiskvatnet?

Det å kjenna vinden blåsa i håret på ein fartsfylt RIB-safari slår også sjeldan feil blant barna. Er de ekstra heldige, kan de sjå dyr som ørn, niser og spekkhoggarar! Eller kanskje du vil utforska fjorden i roligare omgjevnader? Leig dykk ein kajakk og gli stille forbi den eine fjordperla etter den andre.

Apropos vind i håret. På isbreen Folgefonna kan ein stå på sommarski, og løypene passar for personar i alle aldrar. Du kan også utforska fleire tusen år gammal is på tur med Folgefonni Breførarlag. Utsikta frå restauranten i det splitter nye velkomstsenteret Fonna1199 er perfekt når du vil ha ein velfortent pause.

Kva med å kombinera aktivitet og læring? På Olav H. Haugesenteret, Kraftmuseet og Hardanger Fartøyvernsenter kan barna ta del i fleire spanande og lærerike aktivitetar. Alt frå å laga sin eigen straum til å byggja eigne trebåtar.

Web Poesiverkstaden Ingvil Skeie Ljones 1
rose

Er barna glad i å bada? Då vil me anbefala å sjekka ut dei mange flotte strendene i regionen. Er vêret dårleg, er det nye Hardangerbadet perfekt for både barn og foreldre. Det ligg også vegg-i-vegg med det nye Hardangerfjord Hotel i Øystese.

rose

Dette er berre nokre tips til ein familieferie i Hardanger. Sjå gjerne lista under for andre spanande tilbod.

Forslag til barne- og familieopplevingar

Fun rafting – Best Adventures

Bli med på ei morosam, spennande og fartsfylt oppleving. Best Adventures tilbyr Fun Rafting på elva Bjoreio i Øvre Eidfjord. Denne turen passar for barn frå 7 år, og er ei fin familie aktivitet.

Fonna1199 - Folgefonna Velkomstsenter

Opplev reiselivsikonet Fonna1199 på toppen av isbreen Folgefonna! Det nye velkomstsenteret, med si unike arkitektoniske utforming, ligg berre eit steinkast unna sjølve isbreen.

Folgefonni Breførarlag

Aktivitetstilbod både i og utanfor Folgefonna nasjonalpark. Bli med på bretur i Juklavassbreen, vel mellom ulike nivå. Nedre aldersgrense 7 år. 4-6 t. Frå kr. 790 inkl. utstyr. Breklatretur frå Botnabreen til Jordalsb...

Folgefonnsenteret

Folgefonnsenteret er tilknytt Folgefonna Nasjonalpark og inneheld moderne, interaktive utstillingar med tema som geologi, klima, vatnet sin syklus og livet i Hardangerfjorden. Folgefonnsenteret er lett tilgjengeleg med ekspressbåt frå Bergen.

FONNA Glacier Ski Resort, sommerski

FONNA Glacier Ski Resort er eit sommarskisenter som ligg på Folgefonna. Frå kanten av Hardangerfjorden i Jondal kan du køyra heilt opp til breen og skisenteret på den 19km lange Glacier Road.

Besøk på oppdrettsanlegg med RIB båt – Hardanger Akvasenter

Bli med på RIB-tur til Hardanger Akvasenter - eit lakseoppdrettsanlegg på Hardangerfjorden i full drift. Turane startar i utstillingslokale til Akvasenteret i Øystese, i same bygg som Hardangerbadet.

Hardanger Fartøyvernsenter

Familievenleg maritimt museum som vektlegg aktivitetar og opne verkstadar. Her får du oppleve reipslåing, smiing og trebåtarbygging. Du kan lage trefigurar, slå reip, byggje små båtar og lære knutar. Leig gjerne tradi...

Hardangerbadet

Nede ved fjorden i Øystese sentrum, finn du det nye Hardangerbadet. Fyrtårnsprosjektet som akkurat opna dørene, inneheld bade- og symjeanlegg, helsepark, treningsanlegg og visningssenter for laks. Symjeanlegget, med 25 metersbasseng, samt familie- og terapibasseng, er kjerna i Hardangerbadet.

Hardangerfjord Active

Daglege guida padleturar med kajakk på førespurnad. Oppstart kl. 10:30, varigheit er 3,5 t. og turen kostar kr. 650 pr person. Startpunkt på Lutro 3 km nord for Lofthus, 7 km sør for Kinsarvik. Ta med sko og kle som t...

KraftLaben

Interaktive utstillingar, eksperiment og vitenshow. Ute er ny og flott vitenpark. Dette er ein spennande tomleplass med leik og læring for heile familien! Facebook

Kraftmuseet

Den freda kraftstasjonen i Tyssedal ligg nede ved fjorden og er eit mektig monument over vasskraft- og industrieventyret som starta tidleg på 1900-talet. Eit besøk hjå Kraftmuseet gjev deg innblikk i kva som hende då ...

Mikkelparken

I Mikkelparken familiepark er det mykje moro for barn mellom 1-10 år! Familieparken ligg i Kinsarvik mellom fjord og fjell. I Mikkelparken er eit spennande område for leik i vatn med tre basseng, vatnsklier, vatnkanon...

Nasjonalparkgården

Nasjonalparkgården på Buer er Odda Kommune sin innfallsport til Folgefonna Nasjonalpark. Som eit ideelt startpunkt for turar til både Buerbreen og Reinanuten, har Buer vore eit ynda reisemål så lenge det har vore turistar i Hardanger.

Norheimsund RIB Seafari

Norheimsund RIB Seafari tek deg rett inn i hjarta av Hardanger. Om bord i den komfortable, opne RIB-båt får du nærkontakt med dette verdskjende fjordområdet med fossar forma av erosjon og smeltande is for tusenvis av ...

Norsk Natursenter - Hardanger

Norsk Natursenter Hardanger er eit moderne natur- og kulturhistorisk opplevingssenter lokalisert i Øvre Eidfjord. Her finner du tre etasjar med engasjerande utstillingar om norsk natur, klima og miljø, og en moderne kinosal der den spektakulære panoramafilmen «Fjord Fjell Foss» visast. Norsk Natursenter er også offisielt besøkssenter for Hardangervidda Nasjonalpark.

Badeplassar i Eidfjord

Me har fleire badeplassar i Eidfjord, både sandstrender og skarv med gardrobe, grill og stupebrett.

B-Active Centre

B-Active held til på Strand Fjordhotel i Ulvik sentrum og tilbyr aktivitetar og utleige av utstyr. Bli med på vandring i dei gamle vasstunellane i Osa, kurs og workshops relatert til naturen, guida fotturar og busstur...

Basic Fjordsafari med RIB båt - Hardangerfjord Adventure

Opplev fjorden, stupbratte fjellsider, fossar og skjulte perler på ein RIB-safari med Hardangerfjord Adventure. Daglege avgangar frå Øystese i Hardanger.

Fjord- og fruktsafari med RIB båt - Hardangerfjord Adventure

Fjordsafari med RIB, vandring i flotte frukthagar og smaking av eplemost & sider frå Hardanger! Opplev det beste frå to verder med Hardangerfjord Adventure.

Fjord- og landskapssafari med RIB båt - Hardangerfjord Adventure

Opplev fjorden, stupbratte fjellsider, fossar og skjulte perler på Hardangerfjord Adventure sin guida fjord- og landskapssafari med RIB. Daglege avgangar frå Øystese i Hardanger.

Fjordxperience

Opplev Hardangerfjorden saman med Fjordxperience. Dei tilbyd daglege båtturar til perla Kvamsøy, like utanfor Øystese. Båten, som går under namnet «Himinglæva», er ein open trebåt bygd i Hardanger på 1850-talet. I sei...

Gullfiskvatnet

I Gullfiskvatnet kan du mate "Gullfisk"! Gullfisken er gullvederbuk, sett ut i Skårsvatnet i 1914. Fin raste- og badeplass. Vist på NRK - Norsk attraksjon 2009. Gullfiskvatnet (Skårsvatnet) ligg 5 km frå Øystese på f...

Halsnøy kloster

Kloster, krongods og herregard! Den rike historia til området går tilbake til 1163 då klosteret vart grunnlagt av Erling Skakke. Halsnøy kloster omfattar i dag m.a. ruiner av klosteranlegget frå 1300-talet, våningshus...

Hardanger Basecamp

Hardanger Basecamp tilbyr naturrelaterte opplevingar og aktivitetar i Osa for familiar og grupper. Bli med «tilbake til naturen» med m.a. demonstrasjon av bållaging og smaksprøving. Overnatt i mongolsk yurt og lær kor...

Hardanger Hiking

Bli med til idylliske fjellstølar og fjelltoppar med fantastisk utsikt over fjordlandskapet. Hardanger Hiking tilbyr gode turopplevingar med lokale guidar som er godt kjente i området. Undervegs blir historier om fjel...

Hardangerfjord sightseeing

Dagleg fjordcruise med avgang frå Norheimsund t/r Eidfjord med anløp i Herand, Utne, Lofthus, Kinsarvik, Ulvik og Eidfjord. Korresponderer med buss frå Bergen 07.25, retur frå Norheimsund 17.45. I Eidfjord kan du bli ...

Heit Sørfjorden Sauna

Heit Sørfjorden Sauna tilbyr ein dampande sauna og eit friskt fjordbad. Nyt utsikta til fjord, fjell og fonn frå den flotte saunen på Børve, 5,7 km sør for Lofthus. Saunaen står plassert heilt ytst på kaikanten m...

Kort fjordsafari med RIB båt - Hardangerfjord Adventure

Opplev Hardangerfjorden saman med Hardangerfjord Adventure og deira RIB-båtar. Denne turen, som strekk seg over 45 min, har daglege avgangar frå Øystese i Hardanger.

Olav H. Hauge-senteret

Olav H. Hauge-Senteret i Ulvik inneheld omfattande utstillingar om den store norske diktaren Olav H. Hauge. Her vert du kjent med livsverket hans på ein spennande og interaktiv måte. Du kan også slappa av og bruka god tid på senterets lyrikk bibliotek, poesi verkstad og i kafeen.

Steinparken

Steinparken ligg sentralt i Rosendal og er eit av besøksmåla til Folgefonna Nasjonalpark. I parken er det ei samling av forskjellige steinarter frå regionen og utstillingar med prehistorisk tema.

Vøringsfossen

Opplev Vøringsfossen - den mest kjende i heile Noreg! Sjå store vassmengder stupa ned i Måbødalen frå spektakulære utsiktspunkt ved Fossli Hotel, eller gå over sjølve fossen frå den nye gangbrua.