5 handplukka turar i Hardanger

20190627 untitled Simon Sjøkvist 063

Usikker på kva tur du skal gå? Her får du fem forslag til flotte fotturar i Hardanger-regionen.

rose

Hardanger er eit eldorado når det kjem til fotturar. Her i regionen finn du fleire av dei mest populære og fantastiske fotturane i heile Noreg. Uansett om du vil gå på topptur eller om du berre vil ha ein liten spasertur, så finn du godt eigna turmål i heile regionen. Det står ikkje på alternativa! Her får du 5 forslag til fine turar med ulik vanskegrad i Hardanger.

rose

Dette er ein verkeleg undervurdert tur. Naturen og fossane i Husedalen tek nemleg pusten frå dei fleste. Her kjem du tett på fire fossar som ligg tett etter kvarandre på turen frå Kinsarvik og opp mot Hardangervidda. Lett tilgjengeleg og du vel sjølv kor langt du vil gå.

rose

600 meter over fjorden i Eidfjord, finn du dei to gardsbruka på Kjeåsen. Vegen opp er av det bratte slaget, så tauverk, stokkar og stigar er naudsynte hjelpemiddel som er satt opp langs turen. Utsikta, både frå toppen og langs stien, er heilt magisk!

rose

Gå i H.M. Dronning Sonja sine fotspor og opplev blant dei mest populære fotturane i Noreg. Utsikta på turen, som går gjennom skog, høgfjell og frodige frukthagar, er verkeleg av det spektakulære slaget.

rose

Ta på deg turskoa og sjå Vøringsfossen på nært hald. Her kjem du så tett på fossen at du kjenner vasspruten i ansiktet!

rose

Eit fyrtårn og den mest spektakulære fjellformasjonen i Noreg. Det er lett å forstå kvifor folk frå heile verda kjem til Hardanger for å oppleva Trolltunga. Sjølv om turen er hard og krevjande, er utsikta frå toppen verdt strevet. Eit godt tips er å gå med guide! Trolltunga Active og Trolltunga Adventures sine røynde guidar syrgjer for at turen vert både kjekkare og tryggare.

Turane på denne sida er berre eit utval. Sjekk gjerne ut fottur-oversikta vår for fleire gode forslag!