Utstilling Simone Hooymans – video og videobilde. Åse Anda – grafikk. Ingrid Haukelidsæter – måleri

Aug
28-10

Simone Hooymans (f.1974), er ein av dei fremste animasjonskunstnarane i Norge i dag og har vunne ei rekkje prisar for sine særeigne animasjonsfilmar. Simones handteikna animasjonar er kjenneteikna av fantastiske farga...

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

Simone Hooymans (f.1974), er ein av dei fremste animasjonskunstnarane i Norge i dag og har vunne ei rekkje prisar for sine særeigne animasjonsfilmar. Simones handteikna animasjonar er kjenneteikna av fantastiske fargar og fascinerande rørsler som sug sjåarane med seg inn i nye univers.



Ho arbeidar primært med teikning og animasjon. Nyleg markerte ho seg under opningsutstillinga på Deichman sitt nye hovudbibliotek i Bjørvika, med ein større videoinstallasjon "Talking Plants" .

Ho vann seinast publikumsprisen for beste animasjon under animasjonsfestivalen ReAnima i



Bergen i november 2020 for filmen «Ras».

Hooymans er opprinneleg frå Nederland, men bur og arbeidar i Ålvik, Hardanger.



Ho er utdanna i Nederland ved Kunstakademiet i Arnhem og St. Joost i Breda, og ho har delteke i ei rekkje internasjonale gruppeutstillingar og filmfestivalar. Mellom anna Høstutstillingen, Vestlandsutstillingen, Kort Film festivalen i Grimstad, International Short Film festival Beijing og Suwon IPark Museum of Art in South Korea. https://www.simonehooymans.com/





se Anda er ein ny kunstnar i galleriet. Ho bur i Stavanger og har dei siste åra hatt atelier i Tou Atelierhus. Hennar hovudmedium er grafikk. Det å jobba med papir, farge og trykk er hennar store lidenskap.



Arbeidet kan ein sjå som forskingsbasert og prosessuelt. Ho er oppteken av fargar, og interessert i å utforska grensene for kva som kan reknas som grafikk. Gjennom ulike grafiske teknikkar som silketrykk, etsing og monotypi undersøkjer ho farge og korleis fargane påvirkar vår persepsjon. Grafikken sitt vesen tiltalar henne, det å aldri ha heilt kontroll. Det opnar opp for det uforutsigbare undervegs i arbeidet, slik at sjølve prosessen også blir ein motor i prosjekta.



Prosjektet Ad Infinitum (mot uendeleg) er eit rammeverk kunstnaren jobbar innanfor, der ho er inspirert av Sol Lewitt. Som Lewitt har ho laga seg eit regelverk med kvadratet som utgangspunkt. Kvadratet gjentek ho som regel 9 gonger i kvart bilde. Dei blir sette saman igjen og igjen på nye måtar og med ulike fargar.



Dette er eit livsprosjekt som ho har jobba med sidan 2014.



Eit sitat frå boka «The form of Color» av Karl Gerstner er viktig for henne.



Form er fargens kropp. Farge er formens sjel







Ingrid Haukelidsæter frå Stavanger hadde utstilling i galleriet for 5 år sidan (2016). På denne utstillinga viser ho berre måleri (men grafikken finn du i galleriet si grafikkavdeling). Kunstnaren arbeidar vekselsvis med grafikk og måleri.



Motstanden teknikkane gjev er ein viktig del av arbeidsprosessen. Motpolane sårbarhet-styrke og trygghet- frihet er tema som lenge har følgt hennar kunstnarskap. Musikk og bevegelse er referansar ho ofte brukar. Ho etterstrebar ein fysisk og mental tilstadeverelse i sine bilde og prøver å tyna verkemidla til ho oppnår ei maksimal kraft, både når det gjeld form og innhald.



Grafikk er forenklingas kunst. Det meditative elementet i arbeidsprosessen tiltalar henne samtidig som arbeidet er prega av raske, presise og endelege avgjerder. Ho jobbar med serielle bildeforteljingar og likar å undersøkja dei uendelege moglegheitene avtrykket gjev.



I maleria jobber ho intuitivt og direkte. Store format gjev rom for bevegelse. Ho leitar og samtalar med bildet undervegs. Med transparente lag byggjer ho opp bildet og ynskjer at samtalen mellom henne og lerretet skal setja synlege spor. Det er leitinga og summen av alle val som til slutt blir til ein heilskap.



Ingrid Haukelidsæter er innkjøpt av blant andre Stavanger Kunstmuseum, Haugesund Billedgalleri, Eskilstuna Kunstmuseum, den Norske Ambassaden i Beirut og Regjeringa sin representasjonsbustad.



Ho har hatt ei rekkje utstillingar nasjonalt og internasjonalt. I 2020 hadde ho separatutstilling ved Galleri Norske Grafikere, Haugesund Billedgalleri og Galleri Briskeby.

Kart