Ingebrigt Vik museum

Mai
26-18

Museet rommar utvalde arbeid av bilethoggaren Ingebrigt Vik (1867-1927) - ein av dei fremste på sitt felt i norsk kunsthistorie. Kunstnaren testamenterte samlinga til heimbygda Øystese, og museet vart det første rein...

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

Museet rommar utvalde arbeid av bilethoggaren Ingebrigt Vik (1867-1927) - ein av dei fremste på sitt felt i norsk kunsthistorie.

Kunstnaren testamenterte samlinga til heimbygda Øystese, og museet vart det første reine skulpturmuseet på den norske landsbygda då det opna dørene i 1934. Museet i den særmerkte åttekanta bygningen inneheld verk av Vik i bronse, gips, leire og marmor – frå skisser til signerte verk.

Vik er kjend for si stillferdige og presise skildring av menneskekroppen, med undertonar av melankoli. I første del av 1900-talet var han ein av dei fremste bilethoggarane i landet, og skulpturane vart premiert då dei vart stilte ut i Paris, kor han budde gjennom fleire år.

Skulpturane til Vik finst i fleire større kunstsamlingar, som Nasjonalmuseet og Kode Bergen. Portrettstatua Edvard Grieg (1917) står i Byparken i Bergen, medan Ynglingen (1913) er å finna i Teaterparken i same by.



Opplev skulpturane tett på i Ingebrigt Vik museum!



Vend deg til resepsjonen i Kunsthuset Kabuso om døra er stengt.

Kart