Samlen - topptur

Samlen byr på ein av dei finaste utsiktane i Hardanger. Frå toppen på 686 moh har du panoramautsikt både inn og ut fjorden - ein perfekt utfordring for ein kveldstur. NB: Stien går frå Mælsvegen.

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail

Om

Utsikta på toppen av Samlen er spektakulær. I normalt tempo brukar ein omlag 1,5 timar opp og noko kortare tid ned. Toppen som ligger på 686 moh byr på panoramautsikt både inn og ut Hardangerfjorden, Granvinfjorden, Norheimsund, Øystese og Samladalen.

Dette er ein perfekt utfordring for ein kveldstur. Den 6,7 km lange turen startar og sluttar på oppmerka sti, frå parkeringen på Mælsvegen. 

Ein fylgjer Mælsvegen omlag 200 meter frå parkeringen før ein går inn på stien på ein skogsveg. Stien stig jamt, med fleire flotte utsiktspunkt undervegs, før du kjem til sherpatrappa «Hardangertrappa», som snor seg opp den bratte fjellsida. Vidare går stien oppover gjennom Furuskora før han svingar til venstre og blir delvis brattare.

Når du passerer skoggrensa, får du godt utsyn ned mot Herand og mot Herandsfjella. Stien går vidare til høgre for ei våt myr før terrenget igjen stig bratt. Fleire stader er stien tilrettelagd med stein og trapper.

På toppen opnar landskapet seg, og du får ei spektakulær utsikt utover og innover Hardangerfjorden.

Turen er merka med T heile vegen.

Startpunkt:
Frå Herand båtkai ca 3,6 km nordover på fylkesveg 550. Sving inn til venstre ved skiltet «Hardanger kulturgalleri in mot Mælsvegen». Etter ca. 400 m er det opparbeidd parkering for Samlen. Gå ca. 200 m vidare frå parkeringa til startpunkt for turen på høgre side.

Parkering: Gruslagt parkering 400 meter frå fylkesveg 550 mot Mælen. 
Parkeringsavgift: Gratis
Lengde: 6,7 km
Total stigning: 504 meter
Total gangtid: 3 timar
Sesong (gjennomsnittlig år): Mai - November

Avstand
Gradering
Sesong
Varighet

Kart