Vikebygd Landskapspark

Vikebygd Landskapspark

Landskapsparkar er unike natur- og kulturlandskap, avgrensa av felles kultur og identitetskjensle. Vikebygd Landskapspark strekkjer seg langs Fv 550 på vestsida av Sørfjorden, frå Kvitnoelva i sør til Velure i nor...

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail

Om

Landskapsparkar er unike natur- og kulturlandskap, avgrensa av felles kultur og identitetskjensle.

Vikebygd Landskapspark strekkjer seg langs Fv 550 på vestsida av Sørfjorden, frå Kvitnoelva i sør til Velure i nord. Folketalet er på om lag 600, fordelt på mange små grender. På toppen av fjellsida ligg Folgefonna, landets tredje største isbre. Langs vegen kan du oppleva det vakre kulturlandskapet med mange små fruktgardar i bratte fjellsider, der dei ligg trongt mellom fjord og fjell. På grunn av skredfaren ligg husa fleire stader tett i tett, i såkalla klyngetun. Agatunet er eit heilt bevart klyngetun, og ope i sommarhalvåret. Husa her er ifrå mellomalder og opp til 1900-talet.

Sesong

Kart