Planlegging

Planlegg reisa di

Koma seg til Hardanger

Finn fram

Stupbratte fjell, buldrande fossar, levande bygder, isbrear og hundretusenvis av frukttre. Det er lett å forstå kvifor så mange har forelska seg i Hardanger-regionen på Vestlandet i Noreg. Både langs og på Hardangerfjorden – den nest lengste av sitt slag i Noreg – kan du koma tett på store natur- og kulturopplevingar heile året.

Regionen, med kommunane Kvam, Eidfjord, Kvinnherad, Ullensvang og Ulvik, er lett tilgjengeleg både med bil og anna transport. Bergen og den internasjonale flyplassen Flesland ligg berre éin time unna.

Velkomen til Hardanger!

PANO0002 Pano 14
Med bil

Fleire vegar går til Hardanger og det er enkelt å koma seg til regionen med bil. Med bil tek turen om lag 1 time frå Bergen og 5 timar frå Oslo. Det er fleire ladestasjonar både i og langs vegen til Hardanger-regionen.

Haugesund – 2 timar
Stavanger – 3 timar
Kristiansand – 5 timar
Trondheim – 10 timar

Med tog

Bergensbana går mellom Bergen og Oslo. Togturen, som er ein attraksjon i seg sjølv, går heile året. Dei fleste går av enten i Bergen eller på Voss. Derfrå går det bussruter til Hardanger.
Meir informasjon

Med buss

Skyss har ansvar for lokale bussruter frå Bergen, på Voss og i Hardanger. Nokre bussruter går heile året, medan andre er kun gyldige i sesong. Sjå Skyss sine heimesider for rutetider og booking.
NOR-WAY tilbyr ekspressbuss-forbindelse mellom Hardanger, Oslo, Sandefjord, Larvik, Kristiansand, Stavanger og Haugesund. Sjå her for rutetider og booking.

Med fly

Bergen og den internasjonale flyplassen Flesland (BGO) ligg berre 1 time unna. Haugesund (HAU) ligg nest nærmast – om lag 2 timar unna Hardanger.

Med båt

Hardangerfjord-Ekspressen er ei heilårsrute som går mellom Bergen og Rosendal. Båten har daglege avgangar frå Strandkaiterminalen i Bergen sentrum. Anløp undervegs er Flesland, Os og Malkenes, så du kan også ta båten direkte frå Bergen Lufthavn Flesland til Rosendal. Sjå Rødne sine sider for rutetider og booking.

Fjord Line (Danmark- Stavanger - Bergen)
Color Line (Danmark/Tyskland- Norge)
DFDS SEAWAYS (Danmark-Norge)
Stena Line (Danmark- Norge)

Med ferje

Eit godt tips er å gjera seg kjent med dei ulike ferjetidene i Hardanger. Dei bør du ha kontroll på når du skal kryssa fjorden. Ferjerutene finn du på Skyss sine heimesider.

Koma seg rundt

Korte avstandar mellom store opplevingar

Høgdepunkta er mange i Hardanger. Dei mange fyrtårna og attraksjonane er spreidd godt rundt i heile regionen, og det er enkelt å transportera seg frå det eine til det andre. Det er også fleire aktørar som tilbyr ulike transport-alternativ i Hardanger. Norled sitt fjordcruise er eit godt døme. Den populære turistbåten, som tar deg til fleire ulike bygder, kan kombinerast med ei rekke ulike attraksjonar og aktivitetar.

Red Nasjonal turistveg Hardanger Lussandberget Foto Jørn Hagen Statens vegvesen
Nasjonale Turistveger

Utvalde køyreturar gjennom det flottaste av norsk natur

I Hardanger finn du to nasjonale turistveger – Nasjonal Turistveg Hardanger og Nasjonal Turistveg Hardangervidda. Fellesnemnaren for begge er at dei tek deg gjennom storslått natur som fjell, fjordar, fossar, fonn og frukt. Langs turistvegane er det laga fleire utsiktspunkt og rasteplassar med spanande arkitektur. Perfekt når du ynskjer ein matbit, eit bad, eller berre vil nyta stillheita i Hardanger.

Vêr og klima

Unike kontrastar i alle årstider

Hardanger er eit stort område med svært variert terreng. Det gjer at vêret kan variera frå plass til plass og frå sesong til sesong. Regionen er likevel kjent for å ha eit mildt klima med ein god del nedbørsdagar. Eit godt tips er å sjekka vêrmeldingane til YR for meir oppdatert informasjon.

Visste du at det spesielle klimaet i Hardanger er ideelt for fruktdyrking? Det er ikkje utan grunn til at om lag 40 prosent av all frukt i Noreg kjem frå Hardanger.

KOPI TOR00987 4 MP
Red Nasjonal turistveg Hardangervidda ved Halne Foto Sigmund Krøvel Velle Statens vegvesen