Eidesnuten

Eidesnuten

Eidesnuten i Odda har fantastisk utsikt over Hardangerfjorden, Sandvinsvatnet og fjellområda rundt.

Om

Turen startar frå bustadområdet Eidesåsen, som ligg like ovanfor Odda Camping. Om du parkerer ved Eidesåsen barnehage (OBS her kan ein ikkje parkere i opningstida til barnehagen! Alternativ parkering nede ved Sandvinvatnet) går du vidare mot høgre (retning Odda sentrum), og følgjer vegen nesten til endes. Her finn du skilt mot Eidesnuten. 

Stien er til tider bratt. Det tar om lag 2-3 timar til toppen, der du får storslått utsikt over Sørfjorden, Sandvinvatnet og området rundt. 

Eidesåsen ligg 903 moh. 

Avstand
Gradering
Sesong
Varighet

Kart