Annonser

Ulvik – Perla i Hardanger!

Eit fjordlandskap innerst i Hardangerfjorden som tilbyr fjordgardar, fjordkultur, fjordvandring sidersmaking i vill vakker natur. 

Ulvikfjorden og Brakanes -
Ulvikfjorden og Brakanes -
Osafjorden ved Øydvinstod
Osafjorden ved Øydvinstod
Foto: Øydvinstod

Langt inne i Hardangerfjorden ligg eit fjordlandskap med grøne bakkar og høge snødekte fjell som speglar seg i Ulvikfjorden. Varme somrar og godt klima gjev god fruktdyrking og gjev deg ro i sjela. Her nyter du lukt og smak av dei gode produkta frå fjordgardane i Ulvik.

 

Fjordtradisjonar innan turistvertskap der fjordbygda held fram med å utvikla ein moderne bustad for innbyggjarar og turistar for å gje deg ei oppleving utan like. Kultur står høgt på lista med guida turar i bygda og til Olav H. Hauge sin heim, merka turvegar, fjordgardar med lokalmeny og sidersmaking, aktivitetar rundt fjorden og utfordringar i naturen er noko av det som ventar deg i Ulvik. Bygda tilbyr overnatting i 525 senger innan hotell og pensjonat, og i tillegg er det fleire hytter, camping og i Osa mongolsk lavo til leige. Alt ligg til rette for ei god natt søvn.

Osa og Osafjorden

10 km frå Ulvik ligg bygda Osa, ei lita bygd med ca. 30 innbyggjarar. Området fortel om historiske planar som vestlandsby med kraftindustri og krigsminnar frå andre verdskrig då tyskarane prøvde å halda fram med kraft- og tunellbygging. Tunellane er i dag brukt for ekstrem eksploring, opplevingar og private konsertar. Den historiske kafeen frå kraftutbygging i 1920-åra har opna igjen med servering av pannekaker og meir.

Nordalen og Austdalen

Dei to smale dramatiske fjorddalane, Nordalen og Austdalen, har ulik fjord og fjellnatur med flora mellom elvar og fossar som gjev mange fine fjordturar opp til støls og Hardangervidda. Lokale guidar synar deg tunellutbygginga frå nittenhundretalet og tek deg på den historiske turen i tunellane og visar deg dei grove og sterke fjellveggane. Ein kjøreveg frå fjord til fjells vart laga i samband med kraftutbygginga gjer det mogeleg å kjøra langt opp i Osafjellet, der du kan sjå Hardangerjøkulen i all si prakt og vera aleine med naturen.

 

Sist oppdatert   20.05.2014  

Kontaktinformasjon

Ulvik Turistkontor
NO-5730 Ulvik
Tel. + 47 56 52 62 80
ulvikturist@ulvik.org