Aktivitetar i natur og kultur.

Ulvik har natur som er vild, vakkert og eksotisk.

Nordalen river
Nordalen river
Foto: Hardanger Basecamp
Rossvoll og fjorden
Rossvoll og fjorden

Lengst inne i ein av dei vakraste fjordane i Noreg, Hardangerfjorden, finn du den vesle bygda Ulvik. Landskapet med små raude og kvite gardsbruk, grøne bakkar og høge snødekte fjell speglar seg i den stille Ulvikfjorden. Dette er natur som er vill, vakker og eksotisk – eit paradis som gjev varme somrar med godt klima for fruktdyrking. Her kan du finne ro i sjela, gode bilete a kvila augo på og duft og smak av dei gode produkta frå gardane i Ulvik.

Innerst i Osafjord finn du ei lita gløymt bygd med berre nokre fa innbyggjarar. Dette er Osa - eit omrade som Osa Fossekompani hadde planar om ein vestlandsby pa 6000 innbyggjarar som det ikkje vart noko av og gjekk konkurs i 1921. I 1940 såg tyskarane potensialet og heldt fram med tunnelbygging - og i 1944 kom stilla attende til Osa. Bygda i dag med si lange historie har mange bortgøymte skattar. Den gamle kafeen fra 1920åra har Hardanger Basecamp opna med servering av pannekaker og tilbyr turar og visa deg det du ikkje ser utan a vera kjent - mykje, mykje urørt, dramatisk og overveldande natur. Dei to smale og vakre dalane, Nordalen og Austdalen, med elver og fossar gjev mange fine turar til støls og opp på Hardangervidda. Ein lite kjent, avsides kjøreveg tek deg fra Osa til Osafjellet kor du kan sja Hardangerjækulen i all si prakt og vera aleine i naturen.

Ulvik har lange tradisjonar innan turistvertskap og arbeidar hardt for a utvikla ei moderne bygd for innbyggjarar og turistar for å laga ferien din in Hardanger til ei oppleving utan like. Kultur står høgt på lista med guida turar i bygda og til Olav H. Hauge sin heim, turvegar, gardar med lokal meny og sidersmaking, aktivitetar rundt fjorden og utfordringar i naturen er berre litt av det som ventar deg i Ulvik. Bygda byr pa ein variasjon av overnatting innan hotell, pensjonat , bed & breakfast, hytter og camping,  eller kanskje du vil prøva ei mongolsk lavo i Osa. Alt ligg til rettes for ei god natt søvn.

Sist oppdatert   03.01.2012