Kyrkja vart bygd på slutten av 1200-talet og er kjend for krusifi kset over korbogen. Etter forteljartradisjonen sveitta det kvar jonsoknatt (etter den Julianske kalendar, i dag den 6. juli), og sveitten gav lækjande verknad. Røldal var i middelalderen det viktigaste pilegrimsmålet i Noreg nest etter Nidarosdomen, men vara ved lenger enn noko anna pilegrimsmål i Noreg - til 1835. Kyrkja er framleis hovudkyrkja for soknet. Omvising i sommarsesongen.